Om turen

Kommune

Ulstein

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur (km)

1,8 km

Osberget, nord

Turbeskrivelse - hvor skal du gå/sykle/padle/gå på ski

Turen startar ved Bugarden, ovanfor Ulsteinvik sentrum. Du kan parkere på nedsida eller på oppsida av Tufteparken Ulstein, og herifrå gå på grusa turveg fram til sjølve Bugardsmyra. Her tek du til høgre oppover ret før gapahuken, og held fram på grusa turveg heilt til like før Mørdarbakken kjem på høgre side. Her tek du til venstre, og følger råsa mot nordsida av sjølve Osberget. Det fins fleire ruter og fleire utsiktspunkt i dette området, men du held mot høgre. Stien er blaut nokre stader, og det er tilrettelagt med kloppar somme stadar. Turkassa finn du ved utsiktspunktet som vender nordover mot Skeide og strandlinja der. Du kan velje å gå same veg tilbake, eller halde fram på råsa rundt Osberget. Du vil då møte på fleire flotte utsiktspunkt mot Osneset og mot sentrum. Om du held fram på råsa og held deg til høgre, kjem du til slutt inn på råsa som går forbi Tufteparken Ulstein, og kan følgje den tilbake til Bugardsmyra og tilbake til start.

Startsted

Turen startar ved Bugardsmyrane i Ulsteinvik. Frå Hareid fv 61 mot Ulsteinvik, ta til høgre inn på Øvrevegen (skilta til Sunnmøre Folkehøgskule) og følg øvrevegen heilt til Bugarden. Frå Ørsta/Volda ta Eiksundsambandet mot Ulsteinvik sentrum. Følg Sjøgata, og ta så til høgre etter andre rundkøyring før Rådhuset, så til venstre på Kyrkjegata og opp Kyrkjebakken til høgre. Ta så til høgre i Gjerdegata, og følg Skulevegen og deretter Bakkegata og Vikebakkvegen fram til Bugarden.

Parkering start

Du kan parkere på parkeringsplass ovanfor Tufteparken Ulstein, ved start av turvegen til Bugardsmyra. Inga avgift.

Underlag Lengde i km
Fast grus 0,4
God sti 1,2
Dårlig sti 0,3
Total lengde 1,8 km
Stigning meter grader
Total stigning 50 Høydemeter

Offentlig transport

www.frammr.no

Rute på kart