Om turen

Kommune

Gjemnes

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur (km)

2,1

Rød

Turbeskrivelse - hvor skal du gå/sykle/padle/gå på ski

Turen er lagt til grusvegen som går parallelt med E39 utover stranda. Du startar ved parkeringsplass på nedsida av Astaddalen natur- og friluftsbarnehage, og følgjer grusvegen bort gjennom lia. Følg denne beint fram til endes, her skal du over ei klopp over bekken før kjem du inn på ein sti gjennom eit kort skogsparti. Vel ute av skogen held du fram mot venstre på grusvegen utover stranda. Nokre hundre meter utover svingar vegen ned på ein lunningsplass ved E39, med grind på kvar side. Her er det også muleg å gå like i overkant av gjerdet på oversida av plassen. Målet for turen er på øversida av grusvegen. 

Startsted

Turen startar ved parkeringsplass på nedsida av Astaddalen museums- og friluftsbarnehage i Batnfjord. Med bil kan du frå kommunesenteret på Batnfjordsøra følgje E39 mot Kristiansund. Ta av til venstre om lag 400 m etter brua, og følg skilting mot Blakstad. Ta deretter første veg til venstre, og følg Solsidavegen opp mot boligfeltet i Solsida. Etter nye 450 m, ta første veg til høgre, og følg Haltbrekkvegen. Du finn parkering på nedsida avbarnehagen. Kjem du frå Kristiansund er avkøyringa mot Blakstad nokre hundre meter etter ny fartsgrense 70. Det er busstopp like ved avkøyringa på E39.

Sluttsted / turmål

Stikk UT!-posten er plassert i skogbrynet ved ein snuplass på grusvegen, med tenkt retur same veg tilbake.

Parkering start

På nedsida av Astaddalen museums- og friluftsbarnehage.

Underlag Lengde i km
Fast grus 0,75
God sti 0,15
Total lengde 2,1

Offentlig transport

FRAM si ekspressrute mellom Volda og Kristiansund passerer på E39, med busstopp like ved avkøyringa til Blakstad.

Kart

Norgeskart-serien blad 035 Hustadvika og 128 Kristiansund-Sunndalsøra.

Rute på kart