Om turen

Kommune

Ørskog

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur (km)

5,8 km

Akslevollvatnet / Liasetra

Turbeskrivelse - hvor skal du gå/sykle/padle/gå på ski

Denne turen er skildra frå Brauta i Solnørdalen. Du startar først i ein slakk nedoverbakke, for så å halde fram i ein litt tung motbakke. Mot aust har du fjellpartiet som heiter Knippingen. Når du kjem til eit vegkryss, skal du halde fram til venstre ettersom den andre vegen går til Sjøholtsætra. Etter å ha tilbakelagt ca 1 km, er resten av turen om lag flat. Du går langs Akslevollvatnet og i området rundt er det mange hytter. Ein svak motbakke tilseier at du er komen til Liasetra. Like forbi siste hytta er det oppført ein flott gapahuk, Liahuken, med bord, benkar og bålplass. Rett etter bommen tek du av til venstre og følgjer ny skogsveg ned til vatnet. Her tek du også av til venstre og går på sti ca 100 meter. Postkassa finn du i eit lite skogholt.

Viss du held fram etter vegen, vil du etter 8,5 km kome til Fjellstova på Ørskogfjellet. Turen er like fin viss du startar ved Fjellstova og går ned til Brauta. Begge desse alternativa er populære både til fots, på sykkel og på ski.

Startsted

Frå Sjøholt sentrum følgjer du skilta veg til Solnørdalen ved Ørskog Samfunnshus. Du køyrer så knapt 3 km til du kjem til ein stor u-sving mot venstre. Då er du på Brauta. Stor parkeringsplass.

Parkering start

Brauta i Solnørdalen

Underlag Lengde i km
Fast grus 5
Traktorveg 0,6
Dårlig sti 0,2
Total lengde 5,8 km
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 580 6
Total stigning 100 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Kart

Ørskogfjellet

Rute på kart