Om turen

Kommune

Gjemnes

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur (km)

9

Fagerlihøgda om Flemsetervatnet

Turbeskrivelse - hvor skal du gå/sykle/padle/gå på ski

Frå Flemsetra følgjer vi fjellvegen oppover mot Flemsetervatnet. Etter bommen flatar det ut, og vi tek til venstre over brua før vi kjem til vatnet. Herifrå følgjer vi den øvre av vegane, som går opp mot dei to hyttene.

Ta av til venstre frå vegen ved skilting (like før du kjem fram til den første hytta). Følg merka sti opp og bortover høgda. Etter du har passert under ei kraftlinje, kjem du til Fagerliskaret. Turmålet ligg oppe på neste topp, ved eit tidlegare trigonometrisk punkt, 474 moh.

Turen ned kan du ta same veg, eller du kan gå tilbake til Fagerliskaret og følgje merka skogsveg ned til FV 291 ved Bytbekken, om lag 2,5 km nærare Fagerlia enn der du starta (https://mrfylke.no/Morotur/Turar/Fagerlihoegda-fraa-Bytbekken). Du kan også følgje høgda vidare og kome ned ved skisenteret på Fagerlia (https://mrfylke.no/Morotur/Turar/Fagerlihoegda). 

Startsted

Turen startar ved FV291 på Flemsetra, om lag 3,5 km frå både Flemma (FV666) og Fagerlia (FV665). Starten er merka med skilt: "Fagerlihøgda om Flemsetervatnet".

Sluttsted / turmål

Turmålet ligg ved eit trigonometrisk punkt på den nordlege enden av Fagerlihøgda. Her er det postkasse med turbok.

Parkering start

Det er godt med parkeringsplassar langs fylkesvegen like sørvest for der skogsvegen til Flemsetervatnet tek opp. Det er også muleg å køyre opp den første delen av skogsvegen (om lag 600 meter) til Flemsetervatnet og parkere ved bommen der det flatar ut fram mot vatnet.

Underlag Lengde i km
Fast grus 1
Dårlig sti 2
Myr 1,5
Total lengde 9
Stigning meter grader
Total stigning 438 Høydemeter

Kart

Norge-serien, Kristiansund.

Rute på kart