Om turen

Kommune

Stranda

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur (km)

4 km

Langevatnet

Turbeskrivelse - hvor skal du gå/sykle/padle/gå på ski

Start på parkeringsplassen ved Svartevatnet. Kryss vegen i austenden av parkeringsplassen og gå på utsida av autovernet eit kort stykke. Du kjem straks inn på stien. Det er god sti og god merking med vardar, og ruta har også skilting. Like før du kjem opp til Langevatnet kryssar du ei elv (N62° 17.866' E6° 47.091'). Her deler stien seg. Stien som går til venstre går til Myrdalsfjellet. Du skal følge stien rett fram/lett til høgre over elva og opp til Langevatnet.

Startsted

Start ved parkeringsplassen ved Svartevatnet (RV60) like vest for grensa mellom Stranda og Sykkylven. Kjem du frå Sykkylven ser du ein bra stor parkeringsplassen når du er ferdig med bakkane, like før ein skarp sving. Kjem du frå Stranda køyrer du 4 km forbi Strandafjellet skisenter, og du finn parkeringsplassen like etter ein skarp sving.

Sluttsted / turmål

Frå Langevatnet kan du gå vidare til Kleivdalsfjellet og Roaldshornet, eller returnere ned til parkeringsplassen.

Parkering start

Ved Svartevatnet (RV60) like vest for grensa mellom Stranda og Sykkylven er det god plass å parkere.

Underlag Lengde i km
God sti 2 km
Total lengde 4 km
Stigning meter grader
Total stigning ca. 320 h.m Høydemeter

Offentlig transport

Buss mellom Stranda og Sykkylven.

Rute på kart