Om turen

Kommune

Sykkylven

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur (km)

14,2

Borgundkollen - overgangstur

Turbeskrivelse - hvor skal du gå/sykle/padle/gå på ski

I samband med utbygging av ny kraftline, har det komt veg til Heiane. Parker der vegen er på det høgste og gå litt tilbake. Kryss ei myr og sikt deg inn på ei mast rett over myra. Her finn du stien som du skal følge oppover ryggen. Stien har litt stigning før han flatar ut oppå ryggen. Når du er ferdig med ryggen, startar den brattaste delen av turen. Der stien deler seg (N62° 22.230' E6° 38.589'), skal du halde til høgre. Når du nærmar deg toppen, flatar det litt ut igjen. Ta deg tid til å nyte utsikta frå toppen før du fortset vidare nedover mot Gimsdalen. Følg tydeleg sti. Etterkvart ser du Gimsdalssætra langt der nede. På sætra er der ein gapahuk som er verdt å besøke. Frå sætra kan du enten gå skogsveg ned att, eller følge sti eit stykke gjennom skogen før du kjem ned på vegen (N62° 21.748' E6° 38.143'). På denne ruta har vi gått stien. Han startar like nedanfor gapahuken (N62° 21.487' E6° 38.773'). Litt utydeleg i starten, men gjennom skogen er han tydeleg, så det er ikkje noko problem å finne vegen. Når du kjem ned på vegen, fyl du denne heilt til endes til du kjem ned til Vikedalen.
Dersom du vil gå tilbake til Heiane og hente bil, kan du gjere dette ved å gå opp "Monsterbakken" (start: N62° 22.250' E6° 37.125'). Dette er ein bratt anleggsveg som går opp til det nye kraftanlegget. Denne vegen ser du eit stykke før du kjem ned til Vikedalen. Det er kun ein slik bratt bakke, så det er ikkje mulig å ta feil.

Startsted

Like vest for Sykkylven kyrkje, tek du av mot Ramstaddalen. Køyr Dalevegen/FV73 til du kjem til Haugsetvegen. Herifrå følger du skilting Statnett; først Haugsetvegen, så Aurdalsvegen og så Sunndalsvegen mot den nye kraftstasjonen (asfaltveg). Følg vegen til høgste punktet og set frå deg bilen på parkeringsplassen her.

Sluttsted / turmål

Vikedalen, i den skarpe svingen.

Parkering start

Parkeringsplass der turen startar. Om her ikkje er ledig plass, er det ein stor parkeringsplass like før kraftsstasjonen

Underlag Lengde i km
Fast grus 4
God sti 9,8
Myr 0,4
Total lengde 14,2
Stigning meter grader
Total stigning 424 Høydemeter

Offentlig transport

Dersom du startar i Vikedalen, treng du ikkje bil. Du kan gå ned att "Monsterbakken" ved den nye kraftstasjonen og kome tilbake til startpunktet.

Kart

Turglede Sykkylven

Rute på kart