Om turen

Kommune

Sykkylven

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur (km)

5,7

Aurdalsnibba frå Sunndalen

Turbeskrivelse - hvor skal du gå/sykle/padle/gå på ski

Stien startar på motsatt side av der skilt "Aurdalsnebba" står. Det er nokså bratt oppstigning til du kjem til ein stor stein like etter at du kjem ut av skogen. No har du gjort i frå deg det brattaste partiet. Sjølv om det framleis er jamn stigning oppover, er det ikkje like bratt og det er også nokre slakkare parti. Du får raskt utsikt særleg vestover. Det er flott å sjå ut mot øyane. Stien er tydeleg heile vegen og nokre plassar er det også vardar som viser kvar du skal gå. På toppen er det fleire store og flotte vardar og det er også bygd ein levegg.

Startsted

Like vest for Sykkylven kyrkje, tek du av mot Ramstaddalen. Køyr Dalevegen/FV73 til du kjem til Haugsetvegen. Her i frå følger du skilting Statnett; først Haugsetvegen, så Aurdalsvegen og så Sunndalsvegen. Følg denne skiltinga heilt til du kjem til ein bomveg "Sunndalsvegen". No skal du køyre denne til du kjem til eit skilt på høgre side av vegen "Aurdalsnebba". Bomvegen er i god stand. Bompengar kr.40 for personbil (2015)

Parkering start

Det er utkøyrsler både like før og like etter skilt "Aurdalsnebba" der det er bra med plass til å parkere.

Underlag Lengde i km
God sti 5,7
Total lengde 5,7
Stigning meter grader
Total stigning 797 Høydemeter

Offentlig transport

Det er godt mogleg å sykle til start

Kart

Turglede Sykkylven

Rute på kart