Om turen

Kommune

Ørsta

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur (km)

2,6

Tua på Sæbøneset

Turbeskrivelse - hvor skal du gå/sykle/padle/gå på ski

Starten av turen er skilta "Tua" og stien finn du bak ein garasje. Det er god sti som går bratt opp gjennom lia. Det er god merking og høgdemetrar er også markerte nokre stadar. Nokre stadar er stien litt slakare, men stort sett går det nokså bratt opp gjennom skogen. På omlag 370 moh får du første utsiktspunkt. Her ser du over mot Trandal. Etterkvart er det nokre utsiktsplassar til, men beste utsikta har du når du er heilt på toppen!

Startsted

Frå Ørsta sentrum tek du av mot Sæbø. Følg RV655. Når du kjem til Sæbø sentrum, køyrer du forbi fergekaia. Følg Flatnesvegen og etterkvart tek du av på Høgeskjerva. Stien startar bak ei garasje i svingen i Høgeskjerva. Det er skilta.

Parkering start

Det er bra med plass til å parkere ved start.

Underlag Lengde i km
God sti 2,6
Total lengde 2,6
Stigning meter grader
Total stigning 564 Høydemeter

Offentlig transport

Buss til Sæbø og så kan du gå til start www.frammr.no

Kart

Sunnmørsalpane

Rute på kart