Om turen

Kommune

Ørskog

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur (km)

8,4

Lebergsfjellet

Turbeskrivelse - hvor skal du gå/sykle/padle/gå på ski

Start ved bomvegen i Landedalen, merka med skilt. Gå opp langs grusvegen. Etterkvart som du legg myra bak deg, opnar utsikta vestover seg og det vert litt meir stigning. Vegen rundar så tilbake og går vidare i svingar oppover mot toppen. Eit par brattare etappar vert det etterkvart og når du nærmar deg toppen, ser du dei store mastene med tilhøyrande bygningar.

På toppen kan du gjere fleire val viss du vil ha ein rundtur: Gå over til Svartløkfjellet, eller gå til Fjellstova. Raude pinnar markerer vegen, men det er ikkje tydeleg sti.

Startsted

Køyr E 39 nordover frå Sjøholt sentrum nordover mot Ørskogfjellet. Når du nærmar deg dei første hyttefelta, ser du ein bomveg. Ta av på vestsida av Europavegen. 50 m. lenger framme skal du svinge av og finne parkering på austsida av vegen. Du går så tilbake langs Europavegen og inn på bomvegen i retning sørvest.

Parkering start

Parker på austsida av Europavegen ca 7,3 km nord for Sjøholt sentrum.

Underlag Lengde i km
Fast grus 8,4
Total lengde 8,4
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 500 8
Total stigning 330 Høydemeter

Offentlig transport

Timeekspressen kvar time

Kart

Ørskogfjellet

Rute på kart