Om turen

Kommune

Stordal

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur (km)

6 km t/r

Auskjeret

Turbeskrivelse - hvor skal du gå/sykle/padle/gå på ski

Ein startar opp traseen til skitrekket, Arena Overøye. Her kan ein følge ein anleggsveg til toppen av trekket. Her er det eit stykke gjennom lyng, og ingen spesiell rås. Om ein ønsker det, kan ein svinge innom Øravatnet. Det er her skianlegget tek vatn til kunstsnøproduksjon om vinteren.
Før toppen er det steinete terreng. Sjølv om det ikkje er ein utprega topp, heiter det Sandfjellet. Ein må passe på å ikkje gå for langt aust i det øverste partiet, her stuper fjellet bratt ned. Sjølve toppen av Auskjeret er flat og langstrakt, og her er vardar og turbok.
Ein ser ned mot Langsætrane, Jøsvollbotn og Seljebotn. Dei flotte nabofjella ligg på rad og rekke mot nord; Kollen, Ørastolen (Stolen), Rolvsbotnskorkja og den tydelege profilen av Lauparen.

Ei alternativ rute er frå Almås. Parkering ved den gamle skulen. Der er det skogsveg opp til Almåssætra, og ei rås opp mot steinura.

Startsted

Ta av mot Overøye ved Mo, ca ei mil fram i Stordal. Her køyrer ein ca 9 km til parkeringa ved skitrekket.

Parkering start

Parkering ved skitrekket på Overøye, kr. 50,- (automat).

Underlag Lengde i km
Løs grus 1 km
Dårlig sti 2 km
Total lengde 6 km t/r
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 80 20
Total stigning 940 Høydemeter

Offentlig transport

Det er ikkje offentleg transport til Overøye

Kart

Turkart Ørskogfjellet

Rute på kart