Om turen

Kommune

Ørskog

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Aksleskaret

Turbeskrivelse - hvor skal du gå/sykle/padle/gå på ski

Parker ved Småbåthavna i Vaksvika og gå brua over elva. Følg skilt til Aksleskaret. Dette er ein rundtur så turen kan gåast begge vegar, men her er turen skildra med start til høgre langs grusstien og sjøen. Stien svingar ganske fort opp gjennom skogen. Her er det gamal blandingsskog og mange spanande og rare tre. Stien har merke i trea. Etter ca 300 meter er det eit skilta stidele. Her kan du gjere ein avstikkar ned til sjøen ved Kvitneset. Gå same veg tilbake til skiltet og hald fram opp gjennom skogen mot Aksleskaret. Etterkvart får vi utsikt mot Hallvardfjellet og innover Storfjorden og fjella i Stordal. Vi kjem opp til markane ved Viset og går delvis på gamle traktorvegar. Følg med på merkinga kvar stien igjen tek av inn i skogen. Turkassa heng på eit tre med god utsikt over fjorden. Sjå den første bildet. Stien følgjer ein gamal veg over Aksleskaret før vi igjen ser over mot gardane i Vaksvika. Hald til høgre langs ein granskog og gå gjennom eit gjerde. Etter ei lita stund er stien merka med eit skilt og svingar brått til venstre. Herifrå går det raskt ned att til småbåthavna.

Startsted

Køyr riksveg 650 frå Sjøholt til Stordal. Ta av til høgre frå vegen i Vaksvika og køyr bratt ned til Vaksvik Småbåthavn. PS: Husa står svært nær vegen her. Pass også godt på trafikken når du skal køyre opp att på riksvegen. Held til høgre. Det er litt uoversiktleg her.

Parkering start

Vaksvik Småbåthavn

Underlag Lengde i km
God sti 0,8
Dårlig sti 1
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 110 11
Total stigning 90 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Kart

Ørskogfjellet

Rute på kart