Om turen

Kommune

Herøy

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Bakkehammaren

Turbeskrivelse - hvor skal du gå/sykle/padle/gå på ski

Frå parkering går du ca 100m nedover fv 61, passerer ei elv og tek til venstre opp ein traktorveg, gå traktorvegen til den gjer ein skarp sving til venstre, då tek du av beint oppover marka, råsa går då over marka og opp gjennom skogen, når du kjem oppom skogen går råsa austover, over ein steingard og fram på Bakkehammaren. På tilbaketuren går du ca 50m til du kjem til steingarden, råsa går då på nordsida av steingarden og kryssar steingarden litt lenger oppe, råsa går så sørvestover, når du kjem til eit vegskille går du til venstre og går råsa sørvestover, etter at du har kryssa to elver går råsa nedover til gamlevegen og du går gamlevegen ned til fv 61 og ned til parkeringsplassen. Alternativt kan du parkere ved Leikongkyrkja og gå ei rås som startar der og går opp gjennom skogen og kjem inn på traktorvegen rett før du skal ta av frå traktorvegen.

Startsted

Køyr fv 61 til Leikong kyrkje, køyr 250m oppover Leikongbakken, her er ein parkeringsplass på sørsida av vegen. Alternativt kan du parkere ved Leikongkyrkja.

Parkering start

Parkeringsplass ved fv 61 250m sørvestfor Leikong kyrkje, alternativt parker ved Leikong kyrkje.

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,5
Traktorveg 0,2
God sti 1,3
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 150 16
Bratteste helning ned 250 12
Total stigning 200 Høydemeter

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 I og II, sunnmorskart.no

Rute på kart