Om turen

Kommune

Vanylven

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur (km)

3,8 km tur/retur

Eidså – 4H-hytta –rute 18

Kulturminner

På veg mot 4H-hytta går ein forbi ein stad der det står Sessane på eit skilt. Dette er ein av dei mange kvilestadane rundt om i Vanylven for dei som bar mjølk frå støylen (sætra) og ned att i bygda morgon og kveld. Slike plassar var det vanlegvis oppmurte sitjeplassar der ein kunne kvile beina utan å måtte ta av seg hylkjet som ein bar mjølka i. Truleg var det meir behov for kvile på veg ned frå støylen med tung last enn det var på veg oppover. Går ein litt forbi 4H-hytta finn ein kanskje restane av den oppmurte brua over elva som vart brukt når ein skulle køyre heim torv til brensel med hest. Området oppover mot og rundt 4H-hytta vart brukt til torvskjering heilt fram til rundt 1960. På veg tilbake frå 4H-hytta kan ein leite etter restar av gamle murar i området nedanfor Sessane. Dett er restane av fjellgarden Nakkebøen som låg nordvestsida av Taksetnakken.

Turbeskrivelse - hvor skal du gå/sykle/padle/gå på ski

Det er kjerreveg og/eller opparbeidd sti heile vegen opp til 4H-hytta og såleis lett å finne fram. Nedre del av ruta er fast og tørr, medan det er litt meir variert lenger oppe. Startpunktet på turen er skilta.

Startsted

For å finne starten på råsa (stien) køyrer ein frå Eidså og tek av i retning mot Syvde i krysset mellom riksveg 62 og 651. Etter 500 meter tek ein av til høgre og inn på den gamle riksvegen. Der køyrer ein vel 400 meter før ein kjem fram til vegstasjonen til Mesta. Rett før vegstasjonen er det ein skarp sving til høgre opp ein relativt bratt bakke, og her finn ein og dei første skilta i retning Taksetnakken. Det kan ofte vere vanskeleg å parkere ved startpunktet for turen, så det kan difor løne seg å parkere ved vegstasjonen, og deretter gå dei siste 300 meterane opp til startpunktet.

Underlag Lengde i km
Traktorveg 2
God sti 1,8
Total lengde 3,8 km tur/retur
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 100 10
Bratteste helning ned 100 10
Total stigning 250 Høydemeter

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven

Rute på kart