Om turen

Kommune

Aukra

Type tur

Sykkeltur

Gradering

X Grønn

Lengde tur (km)

12

Aukraskogen - Horremsleira

Kulturminner

I Aukraskogen er det gravrøys med informasjonstavle. Horrem kvernhuse er laftet, og etter byggemåten å døme kan det sjå ut til at kvernhuset blei bygd eingong på 1880-talet.

Turbeskrivelse - hvor skal du gå/sykle/padle/gå på ski

Ferge frå Hollingsholmen (rute 31). Turen starter på Aukra ferjekai. Følg gang- og sykkelveg opp til Aukra kyrkje. Ved Aukra kyrkje og Aukrahallen, tek du av til venstre og følger grusa sti opp til skogen, fortsett rett fram på turstien til høgste punktet. På det høgste punktet deler stien seg. Til venstre er gapahuken. Stien rett fram går til Berghaugen med utsiktspunkt ut mot naboøyane. I skogen er det mange stiar, prøv dei!
Frå Berghaugen fortsett du turen rundt Tangen turstiar. Dette er ei fin rundløype på ca. 2,0 km. Følg skiltet mot Breivika, og fortsett sykkelturen ut på Tangevegen. Etter ca. 300 meter kjem du til eit vegkryss. Ta til venstre i vegkrysset, og følg vidare Hjertvikvegen. Du passerer etterkvart naturreservatet Hjertvika på venstre side. Følg hovudvegen rett fram til du kjem til Horrem. Horrem kvernhus er skilta frå hovudvegen. Ta av til venstre og følg turvegen til kvernhuset og vidare ned til Horremsleira.
På turen tilbake til Aukra ferjekai kan du følge hovudvegen langs sjøen heile turen. Hold da til høgre og følg da skilt Hjertvikvegen og Tangevegen. Her ser du sjøen heile vegen.
Alternativt tek du ein ekstra runde på ein av dei mange stiane i Aukraskogen før du avsluttar på Aukra ferjekai.

Startsted

Turen startar på Aukra ferjekai. Ta ferje frå Hollingsholmen til Aukra (rute 31).

Sluttsted / turmål

Både startsted og sluttsted kan vere Aukra ferjekai. Turen blir da ei fin rundløype.
Alternativt kan ein fortsette turen frå Horremsleira til Småge ferjekai for sykkelturar vidare i Øyriket i Romsdal.

Parkering start

Parkeringsplass på Hollingsholmen og på Aukra ferjekai. Ingen parkeringsavgift.

Underlag Lengde i km
Asfalt 9
Fast grus 3
Total lengde 12
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 10 5
Bratteste helning ned 10 5
Total stigning 41 Høydemeter

Offentlig transport

Buss med Aukra Auto eller Atlantic Auto frå Molde til Hollingsholmen.
Ferje Hollingsholmen - Aukra (rute 31) med Fjord 1.

Rute på kart