Om turen

Kommune

Surnadal

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur (km)

3,6

Solemssetra

Kulturminner

Det gamle seterskjelet til Oppistua, Solem.

Turbeskrivelse - hvor skal du gå/sykle/padle/gå på ski

Frå Bele i Bæverfjord tek du av i krysset mot Flessa. Køyr til Solem, ca 4 km, og sving til høgre på skrå opp gardsvegen til Oppistua. Parker ved enden av det kvite våningshuset, og gå oppover vegen mot huset som ligg lenger oppe i bakken. Ta av frå vegen og gå vidare oppover ekra bak garasjen ved huset. I øverkant av ekra går du igjennom grinda, og fortsett oppover. Du kjem da inn på ein skogsveg som du svingar inn på til venstre og fortsett etter. Når du kjem til ein stor lunningsplass, held du også lett mot venstre og fortsett skogsvegen som fører vidare oppover på andre sida av den opne plassen. Eit stykke lenger opp deler vegen seg. Du held til venstre og fortsett etter den eldste skogsvegen. Når den første bygninga dukkar opp oppi lia framfor deg, går du ikkje opp til denne, men held deg til skogsvegen som går nedanfor, på skrå vidare utover og oppover mot Oppistusetra. Du ser ikkje seterskjelet før du mest er heilt framme, men veit du er komen på riktig plass når du ser trimkassen til Bæverfjord i.l. på veggen til seterskjelet.

Startsted

Oppistua, Solem

Sluttsted / turmål

Solemsetra

Parkering start

Ved Oppistua, Solem.

Underlag Lengde i km
Traktorveg 3,0
Natur 0.6
Total lengde 3,6
Stigning meter grader
Total stigning 280 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Kart

Turkartet «Fjordruta» (1: 100 000)

Rute på kart