Om turen

Kommune

Surnadal

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur (km)

6,2

Amtlia om Solligjerdet

Turbeskrivelse - hvor skal du gå/sykle/padle/gå på ski

Køyr til Bæverfjord og ta av oppover Bøverdalen. Eit par hundre meter etter at du har passert Bæverfjord oppvekstsenter, ligg det eit steinbrot på øversida av vegen. Herifrå går du oppover lia etter skogsvegen. Ganske raskt skimtar du gapahuken til skuleungane i grenda. Eit par hundre meter lenger opp deler vegen seg, Sving til venstre og fortsett oppover i retning ut fjorden. Du kjem snart inn i eit granfelt, og når vegen deler seg på nytt, svingar du oppover til høgre. Gå til enden av skogsvegen. Der går du rett opp nokre få meter til du ser stien som fører deg vidare innover igjen og oppover mot Solligjerdet. Under hallaren på Solligjerdet har Bæverfjord i.l. trimpost. Her kan du også sjå spor etter bygningane som stod her da plassen var bebygd- for fleire hundre år sidan. Fortsett opp mot Amtlia ved å følgje stien vidare forbi steinhallaren. Etter å ha gått over kammen bak Solligjerdet følgjer du den klart markerte Lauvdalen oppover til han endar. Der tek stien av oppover fjellsida. Følgj blå merking til toppen!

Startsted

Eit steinbrot eit par hundre meter etter at du har passert Bæverfjord oppvekstsenter.

Sluttsted / turmål

Varde på toppen av Amtlia, Bæverfjord.

Parkering start

Når det ikkje er arbeidsaktivitet i steinbrotet, kan du parkere der. Viss ikkje er det god plass til å sette frå seg bilen ved Bæverfjord oppvekstsenter.

Underlag Lengde i km
Traktorveg 2,2
God sti 2
Dårlig sti 2
Total lengde 6,2
Stigning meter grader
Total stigning 525 m Høydemeter

Offentlig transport

Fleire ruter frå Nettbuss passerer sentrum i Bæverfjord. Det er muleg å gå av bussen ved Bæverfjord samvirkelag og gå derifra.

Kart

Turkartet «Fjordruta» (1: 100 000)

Rute på kart