Om turen

Kommune

Ørsta

Type tur

Fottur

Gradering

XXX Rød

Lengde tur (km)

5,7

Fingeren

Turbeskrivelse - hvor skal du gå/sykle/padle/gå på ski

Start ved Standalhytta. Vest for hytta (venstre side) finn du stien. Han startar med eit "gjerdeklyv" og er tydeleg vidare opp gjennom skogen og også etter at du kjem ut av skogen. Litt vått nokre plassar. Etterkvart går du over i ur (omlag 800 moh). Her er det delvis merking med vardar. Sjå etter desse, så finn du ei fin rute mot fingeren. Gå ikkje for langt nede; der er det ein del vatn og det kan vere glatt. Du kjem opp på ei lita egg før sjølve Fingeren. Her ser du ned i Romedalen og det er fint å nyte nista og utsikta. Går du turen om ettermiddagen, har du også lenge sol her.
Sjølve klyvinga opp på Fingeren kan for ein del vere utfordrande, men tau er ikkje naudsynt. Gå gjerne med kjentfolk første gong så finn du enklaste ruta. Du skal ikkje gå rett mot toppen, men hald deg i nordsida. Du vil nok sjå kvar "stien" går om du gir deg tid, men ta ingen sjansar om du er usikker.
Det er bra med plass på toppen, så gi deg tid å stoppe her litt, før du returnerer.

Startsted

Frå Festøy fergekai: Følg skilting mot Standal (Fv 65). Ved Store Standal svingar vegen seg vidare opp mot Standalseidet Frå Ørsta: Køyr mot Sæbø (655). Ved Høgebrua tek du av opp Follestaddalen (Fv 55). Du kan velje kva side av dalen du vil køyre på. Der vegane møtest fremst i dalen, går vegen vidare over Standalseidet. Nedanfor Standalhytta er det parkeringsplass ved hovudvegen.

Parkering start

Parkering ved hovudvegen like nedanfor Standalhytta

Underlag Lengde i km
God sti 5,7
Total lengde 5,7
Stigning meter grader
Total stigning 813 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Kart

Sunnmørsalpane

Rute på kart