Om turen

Kommune

Vanylven

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur (km)

7,8

Bjørlykkjehornet Rute 2

Kulturminner

Den ca. 2 km lange steingarden som vart bygd på slutten av 1800 talet. Steingarden skulle hindre kyrne å gå utfor. Det var ikkje vanleg med setrar i vårt område. Folk, ofte unge, gjekk frå bygda og opp på fjellet der dei fann kyrne. Dei mjølka, og bar med seg mjølka ned att. Dette gjorde dei to gonger for dag. Skilt på ruta viser kvar den gamle mjølkevegen gjekk ned til Sørbrandal. Litt lenger på ruta kjem du til eit skilt som viser vegen til «Sendeberget.» Her tok dei ut emne til slipesteinar i gamle dagar.

Turbeskrivelse - hvor skal du gå/sykle/padle/gå på ski

Turen startar frå parkeringsplassen ovanfor Børevatnet. Ruta er merka med raude stikker, og raude flekker på steinar. Fyrste 2/3 delar av turen er i flatt eller småkupert terreng. Siste delen av turen er brattare, og eit stykke før toppen er det god utsikt nedover. Fyl stien i sikk-sakk oppover denne bratta.

Startsted

Ta av frå Fv 2 i Sørbrandal ved kvitt murhus (skilt på hagegjerdet) Kjem du frå Koparnes er det ca.300m etter kraftstasjonen. Kjem du frå Åram er det rett etter at du passerer den gamle butikken og posten. Køyr framover dalen 700m. Derifrå er det 4 km bomveg til parkeringsplassen. Pris 40 kr.

Sluttsted / turmål

Når du kjem til toppen kan du gå same vegen tilbake. Eller du kan gå vidare på rute 21 ,14 og 1 .Då kjem du også attende til parkeringsplassen.

Parkering start

Parkeringsplass ved starten av ruta.

Underlag Lengde i km
God sti 7,8
Total lengde 7,8
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 40
Bratteste helning ned 40
Total stigning 870 Høydemeter

Kart

Turkart for Vanylven. Kan kjøpast i butikkar i Vanylven.

Rute på kart