Om turen

Kommune

Ørskog

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur (km)

4,8

Hallvardsfjellet

Turbeskrivelse - hvor skal du gå/sykle/padle/gå på ski

Frå parkeringa startar ein skogsveg som du kan følgje eit lite stykke før du tek av til venstre og følgjer merka i trea eller på bakken vidare delvis gjennom skogen og over våt myr til du ser Storfjorden mellom gamle bjørketre. Her svingar råsa til venstre og er merka vidare bratt opp gjennom bjørkeskogen, forbi restar etter sommarfjøs og ei gammal høyløe. Du kjem etterkvart opp over skoggrensa og får fin utsikt over Vaksvikbygda. Her følgjer du råsa heilt til toppen over berg og lyngmark. Fin utsikt bl.a. til Lauparen.

Startsted

Køyr riksveg 650 frå Sjøholt mot Stordal. Ta av frå riksvegen til venstre på Viset like før tunellen og køyr bratt oppover bygda til du har passert dyrkamarkane og kjem opp i skogen. Parkeringa ligg då på høgre sida av vegen før Hallvardsvatnet. Her står eit skilt til Hallvardsfjellet.

Sluttsted / turmål

Eit anna utgangspunkt for tur til Hallvardsfjellet er frå Visetsetra. Så i staden for å gå same vegen nedatt, kan du sjølvsagt halde fram mot aust, gå ned til Visetsetra og så følgje setrevegen nedatt til Hallvardsetra.

Parkering start

Parkering på lunneplass på sørsida av kommunevegen mellom Hallvardsetra og Viset.

Underlag Lengde i km
God sti 3,6
Myr 1,2
Total lengde 4,8
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 100 15
Total stigning 398 Høydemeter

Offentlig transport

Buss mellom Stordal og Sjøholt og til fots langs bygdevegen til parkering som beskrive tidlegare.

Kart

Ørskogfjellet

Rute på kart