Om turen

Kommune

Vanylven

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur (km)

17,2

Kyrfjellet - Seten - rute 56

Kulturminner

Startar ein ifrå parkeringsplassen på Øverberg, møter du ei gammal steinbru etter ca 150 meter. Vidare innover går du på ein gammal støylsveg, som fører fram til støylen til Nedreberg og Lade (Sørdalen). Her er det og restart av gamle kvier og fleire gamle støylshus. Starta ein ifrå skogsvegen ovanfor Brekke, går stien eit godt stykke ilag med ein gammal steinmur.

Turbeskrivelse - hvor skal du gå/sykle/padle/gå på ski

Viss ein startar frå p-plassen på Øverberg, går ein på steinbrua over elva. Vidare går ein 1 km i flatt terreng, delvis på ein gammal sæterveg mot ei hytte ved Moldstigen. Så blir det slak stigning i bjørkekog opp langs elva opp til Vorskår. Ved N 62` 01 E:05` 42 står det eit skilt. Ved dette skilte skal ein gå imot Seten (Nord) . Når ein har komt opp på Vorskår følger ein fjellryggen i nordaustleg rettning heilt til ein treff skogsbilvegen ovanfor Brekke. Ned frå Kyrfjellhornet er det litt bratt, men ikkje noko problem å gå.

Ved start ifrå Myklebust, kjører ein fram til Brekke og tek til venstre opp skogsvegen ved første ferista fram mot Saurdalen. Etter ca 1 km på skogsvegen kjem ein til ein vegvisar (plass til prakering) der ein må byrje å gå mot Seten. Dette er samme turen som frå Øverberg berre i motsatt rettning.

Startsted

Ved start ifrå Øverberg; Frå Syvde kjører ein fylkesvegen mot Saurdal (6km). Deretter ca 2km på kommunal veg (grus) mot Øverberg. Ved start ifrå Myklebust; Frå Syvde kjører ein fylkesvegen mot Saurdal, etter ca 2km (forbi Brekke) tek ein til venstre opp skogsvegen ved første ferista fram mot Saurdalen.

Sluttsted / turmål

Sluttstaden viss ein går ifrå Øverbeg er når ein treff skogsvegen ovanfor Brekke.

Sluttstaden viss ein går ifrå Brekke er når ein kjem til p-plassen på Øverberg (skisenter).

Parkering start

Viss ein parkerar på Øverberg kostar dette 20 kr for eit dagskort.

Underlag Lengde i km
Natur 3.5
Myr 3
Total lengde 17,2
Stigning meter grader
Total stigning 520 Høydemeter

Kart

Vanylven

Rute på kart