Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Nyheiter

Møre og Romsdal fylkeskommune er ein politisk styrt organisasjon, med direkte val til fylkestinget kvart 4. år. Inneverande valperiode starta i oktober 2011. Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) leiar møta i fylkestinget og fylkesutvalet, og er fylkets øvste politiske leiar.


Dei fire hovudutvala har møte denne veka

Sjå oversikta under for meir informasjon om kvart enkelt møte.

Les meir

Fylkesutvalet har møte i dag 28. januar

Fylkesutvalet skal mellom anna behandle to høyringsuttalar og mandat og oppgåve til samarbeidsforum fv. 63.

Les meir

Tolv ungdomsprosjekt har fått tildelt midlar frå ungdomspanelet

Før nyttår delte ungdomspanelet ut 125 000 kroner til ungdomsprosjekt omkring heile fylket. Det var mange forskjellige prosjekt som ville ha støtte i år, og midlane har blitt tildelt alt frå utbygging av motorcrossbane, lys- anlegg og sjakkbrikkar.

Les meir

Fylkeskommunen skal søke om å bli programfylke for folkehelsearbeid frå 2019

Det er behov for meir kunnskap og erfaringar om psykisk helse og rusførebyggjande arbeid i Møre og Romsdal. Undersøkingar og kartleggingar på nasjonalt nivå syner ei negativ utvikling på desse områda, og Møre og Romsdal ligg tett på landssnittet. Dei fleste kommunane i fylket har ikkje ein heilskapleg strategi og ei felles tenking om oppvekstvilkåra for barn og unge.

Les meir

Vedtok Nordøyvegen - anbodskonkurranse K5

Med 26 mot 21 stemmer vedtok Fylkestinget tysdag å inngå kontrakt K5 for bygging av vegar, bruer, sjøfyllingar og tunnelar, og dermed halde fram arbeidet med å bygge Nordøyvegen. Fylkestinget vedtok å gjennomføre bygging av Nordøyvegen innanfor ein kostnad på 5,1 mrd kroner, og  er det største utbyggingsprosjektet for Møre og Romsdal fylkeskommune nokon gong.

Les meir

Miljøprisen og Fylkeskulturprisen vart delt ut på fylkestinget

Under opninga av fylkestinget på måndag vart både Miljøprisen og Fylkeskulturprisen delt ut. Miljøprisen gjekk i år til Sødahlhuset AS og Smøla Janitsjarorkester var mottakar av Fylkeskulturprisen.

Les meir

Fylkestinget har møte 10. -12. desember i Molde

Det tre dagar lange møte i fylkestinget har no starta opp. Tingsamlinga starta med utdeling av miljøprisen til Sødahlshuset AS og fylkeskulturprisen til Smøla Janitsjarorkester.

Les meir

Møte i fylkesutvalet 26. november

Møte i fylkesutvalet har no starta opp. Økonomiplan2019-2022 med budsjett for 2019 og Nordøyvegen er mellom sakene utvalet skal behandle. 

Les meir

Møte i fylkesutvalet 19. og 20. november

Det to dagar møte i fylkesutvalet har no starta opp. skal meUtvalet skal mellom anna behandle kvalitetsmeldinga 2018 for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal, tal på representantar i fylkestinget 2019-2020 og innføring av betaling av nullsleppskøyretøy Fv 64 Atlanterhavstunnelen.

Les meir

Fylkeskulturprisen 2018 går til Smøla Janitsjarorkester

Kultur- og folkehelseutvalet vedtok samrøystes å gje fylkeskulturprisen for 2018 til Smøla Janitsjarorkester. Prisen blir delt ut under opninga av fylkestinget i Molde, 10. desember.

Les meir

Kontaktpersonar

Jon Aasen Jon Aasen
Fylkesordførar
71 28 04 47 /
Mob. 900 80 387
Send e-post
Gunn Berit Gjerde Gunn Berit Gjerde
Fylkesvaraordførar
Mob. 415 44 001
Send e-post
Ottar Brage Guttelvik Ottar Brage Guttelvik
Fylkesrådmann
71 28 01 63 /
Mob. 901 08 512
Send e-post