Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > Tilrår fylkesutvalet å reise motsegn mot reguleringsplan for Raudsand

Kontaktpersonar

Ottar Brage Guttelvik Ottar Brage Guttelvik
Fylkesrådmann
71 28 01 63 /
Mob. 901 08 512
Send e-post

Tilrår fylkesutvalet å reise motsegn mot reguleringsplan for Raudsand

Fylkesutvalet skal neste veke gi ein høyringsuttale til Nesset kommune si reguleringsplan, som inkluderer deponi for farleg avfall på Raudsand. Fylkesrådmannen tilrår å reise motsegn til planen, med bakgrunn i regional vassforvaltningsplan.

Det planlagte deponiet ligg i Rausand i Nesset kommune

Foto: Google maps

Saka skal opp i fylkesutvalet måndag 4. juni.

Fylkesrådmannen tilrår fylkesutvalet å gjere følgande vedtak:

  1. Det er nokre manglar i utgreiinga knytt til sjømatproduksjon og omdømetap, og til vassmiljømåla i medhald av regional vassforvaltingsplan
  2. Fylkesutvalet finn likevel ikkje grunn til å krevje tilleggsutgreiingar, og meiner såleis at vedtak kan gjerast på grunnlag av den kunnskapen som ligg føre.
  3. Fylkesutvalet reiser motsegn til planframlegget med heimel i miljømåla regional vassforvaltingsforvaltingsplan.

Fylkesutvalet viser også til at anlegget kan føre til vesentleg tap av det omdømet Møre og Romsdal har som naturbasert reiselivsdestinasjon og som marin matvareprodusent, og dermed også vere negativt for framtidig vekst og næringsliv i fylket.

Det er prinsippielt uønska at farleg avfall frå industriproduksjon skal eksporterast bort frå opprinnelsen til problemet. Behandling av industrielt risikoavfall bør skje nærast mogleg produksjonskjeldene for å redusere risikoen for ulukker under transport.

 

Lese heile saksframlegget her