Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Høyr oss! - ein medverknadskonferanse av, for og med ungdom

1.-2. juni arrangerer ungdomspanelet medverknadskonferansen Høyr oss!

Konferansen blir gjennomført med støtte frå Erasmus+ Aktiv ungdom.

Med konferansen Høyr oss! ønsker ungdomane å sjå på korleis medverknadsorgan for ungdom skal bli høyrt, og korleis dei skal kunne vere eit bindeledd mellom unge og fylkespolitikarane. Ungdomsråd på regionalt nivå frå Trøndelag og Nordland deltek i lag med ungdomane frå ungdomspanelet i Møre og Romsdal. I tillegg kjem representantar frå Elevorganisasjonen, Morten Feirud frå Tidens Krav, elev- og lærlingombodet og fleire politikarar, mellom anna fylkesordførar Jon Aasen og stortingspolitikar Vetle Wang Soleim, for å halde innlegg og diskutere med ungdomane.

Konferansen vil bruke fleire ulike metodar for å sjå på spørsmål som «korleis speile mangfaldet av unge?», «korleis bruke media for å nå ut til unge?» og «korleis ha reell moglegheit til medverknad?». Det er lagt opp til aktiv medverknad, kor dialog og gruppeoppgåver vil vere sentralt.

Det som kjem fram i løpet av dei to konferansedagane skal brukast vidare i arbeidet til ungdomspanelet og dei to samarbeidsråda frå Trøndelag og Nordland, og ungdomspanelet håpar at dette vil gje dei ekstra inspirasjon og nye måtar for å nå fram med ungdomen si stemme i fylkespolitikken.