Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kronikkar

Kronikkar

Her finn du kronikkar skrivne av tilsette i Møre og Romsdal fylkeskommune.


Korleis står det eigentleg til med folkehelsa i fylket?

Dei største utfordringane i Møre og Romsdal er at folk beveger seg for lite, har psykiske plager og at det er store helseforskjellar.  Kva kan vi gjere med det?

Les meir

Kva gjer fylkeskommunane for å utvikle berekraftig cruiseturisme?

Cruisetrafikken har auka kraftig dei siste åra. Korleis kan vi legge til rette for berekraftig cruiseturisme i framtida?

Les meir

Den forventa folkeveksten i fylket er halvert

Folkeveksten i fylket fram til 2030 blir bare halvparten av Statistisk sentralbyrå sin førre prognose. Veksten vil sakke av, det blir færre yngre og fleire eldre. Er det ei sanning vi må akseptere eller ei utfordring vi må ta?

Les meir

Samferdselens dilemma: Miljøutsleppa går ned, biltrafikken aukar

Fylkesstatistikk for Møre og Romsdal 2018 byr på fleire dilemma: Klimagassutsleppa går ned, og fleire køyrer elbil og buss. Samstundes aukar personbiltrafikken, og sykketala skuffar. Korleis heng dette i hop – og korleis greier vi å nå viktige klima- og miljømål?

Les meir

Bry deg om byen din!

By- og tettstadutvikling høyrest ut som noko som stort sett angår anonyme kommunebyråkratar, ikkje sant? Sanninga er at det angår oss alle. Kvar einaste dag. Måten byar, tettstader og bygder blir bygd opp og heng saman – eller ikkje heng saman – dannar rammer for all aktiviteten vår. Stadane dannar rett og slett rammer for liva våre! Gode rammer gir glade folk og gode liv. Skal vi kome dit, må vi engasjere oss og arbeide saman.

Les meir

“Det er trass alt vi som er framtida”

Barn og unge (0-19 år) utgjer 24,1 % av heile befolkninga i Møre og Romsdal. Dette er altså nesten ein fjerdedel. Ein fjerdedel av alle som vert påverka av vala politikarane tek, og ein fjerdedel som har sin barndom nokså avhengig av at politikarane tek gode val. Dei fleste av oss som tilhøyrer denne gruppa kan dessverre ikkje stemme på partiet som representerer våre interesser best. 

Les meir

Reiseliv og festival – på same «kanal»?

Turistsesongen er på hell. Feriegjestane pakkar saman og vender nasen heimover. Ein festivalsommar er også snart over. Teltpluggar blir nappa ut, bannerar plukka ned. Og mens nokre av arrangørane finreknar på tala, er det andre som allereie lanserer neste års trekkplaster. Festivalar og reiseliv heng tett saman. 

Les meir

Eit godt kollektivtilbod krev at fleire partar dreg i same retning

I sommar har det vore fleire artiklar i Sunnmørsposten der ein har vore kritisk til dagens kollektivtilbod i Ålesundsområdet. 

Les meir

Framtidsretta lokalsamfunn tek barn og unge med i planlegginga

Det er mange som skal høyrast i plansaker, og det er mykje som skal takast omsyn til. Barn og unge er dei som har nærast kunnskap om behova i si eiga målgruppe, og dei har mange tankar og idear om korleis nærmiljøet skal vere. For at dei folkevalde skal kunne ta gode avgjerder for å skape framtidsretta lokalsamfunn, må barn og unge høyrast.

Les meir

Kva no, Møre og Romsdal?

Etter ti år med sterk vekst, er folketalsutviklinga i fylket i ferd med å stoppe opp. 

Les meir

Kontaktpersonar

Inger Johanne Moene Inger Johanne Moene
kommunikasjonssjef
71 28 01 82 /
Mob. 472 84 003
Send e-post