English

Ytrehornsnakken - Storevarden

Volda

Kort om turen

Ytrehornsnakken er eit flott utsiktspunkt! I eldre tider var dette ein “veteplass”, så om det var fare på ferde, tende folk eld her oppe. Det er sett opp ei vetestove som er opa for alle. Mange har Ytrehornsnakken som endeleg turmål, men det er lett og fint å gå vidare til Storetua dersom du ønsker ein litt lenger tur.

Ruteskildring

Følg stien frå startpunktet. Den er tydeleg heilt opp til Ytrehornsnakken, og det er nokre fine kvilepunkt undervegs. Mellom anna passerer du Dagsturhytta, den einaste i sitt slag i Møre og Romsdal (61°58'33.82"N 6°30'20.12"Ø)° 30.369'). Her har du flott utsikt mot m.a. Grodås sentrum. Det er nokså bratt opp til Ytrehornsnakken, men ingen utsette parti å forsere. Når du kjem opp til Ytrehornsnakken er det fint å gi seg tid både til å nyte utsikta, ta ein tur innom Vetestova og også besøke sætra som er her oppe. Turen vidare til Storevarden er nokså lett. Du passerer sætra og går vidare i fin bjørkeskog. Stien følger "Hornindal-rundt"-ruta og har oftast kvite merke. Like før du kjem til Storevarden må du passe på å ta av til venstre. Litt utydeleg sti, delvis raudemerka ut til Storevarden. Flott utsikt mot Hornindalsvatnet!

Tilkomst og parkering

Frå Volda (E39): Like etter kirka og før du kjem inn til Grodås sentrum, tek du av på FV664 mot Otterdal. Køyr forbi campingplassen og JE Ekornes. Du kjem til eit kryss der det er skilt mot Ytrehornsnakken. Følg dette til startpunktet for turen. Her er det både skilt og kartoppslag. Parker i området der turen startar. Eventuelt kan du parkere ved skulen (sjå lenke til Dagsturhytta i turomtalen)
Fottur
Blå
Lengde
6,28 km tur/retur
Stigning
692 m
Tidsbruk
3 t. 20 min.
Sesong
Høst
Høyeste punkt
723 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 6,3

Offentleg transport

Buss mellom Volda-Stryn eller Ålesund-Stryn. Gå av i Grodås sentrum og gå til start Nettside til bussruter: http://frammr.no/

Anna

Turen er ein del av Hornindal rundt og er stort sett godt merka med kvite malingsflekkar http://www.hornindalrundt.no/

Lenke til turskildring

nytnaturen.no - Ytrehornsnakken
Køyreskildring
Print ut