English

Vorakinna frå Sandnessætra – rute 24

Vanylven

Kort om turen

Fin familietur i jamt over lettgått terreng til Vorakinna som er eit relativt frittliggande fjell med god utsikt mot fleire av bygdene i Vanylven. Best utsikt mot Eidså og Syvde får ein om ein går fram på kanten av fjellet mot Eidså. 

Ruteskildring

Turen startar på Sandnessætra og fylgjer god og tørr opparbeidd gangsti til Øyrasetra.

Etter å ha teke av frå riksvegen på Sandnes køyrer ein opp til den gamle riksvegen, der tek ein til høgre og køyrer 70 meter nordover før ein svingar til venstre og opp Sandnesdalen. 400 meter etter den siste krappe hårnålssvingen på vegen opp frå Sandnesdalen kan ein parkere rett før hytte nr 2 på venstre side av vegen.

Stien mot Vorakinna startar rett ved sida av denne parkeringsplassen. Startpunktet er skilta, det same er stikryssa, og heile ruta er godt merka. Vegen til Sandnesdalen er bomveg – kr 30,-.Frå Øyrasætra og opp til foten av Vorakinna er det grei sti. Siste biten opp mot Vorakinna startar med den tyngste stigninga på turen. Etter kvart flatar det meir og meir ut, og på slutten er det lett og tørt terreng fram mot toppen, og også her er det tydeleg sti å gå i. Heile turen er godt merka, og det er skilta i stikryssa. Dei som ikkje vert mett av utsikten på Vorakinna kan gjerne stikke ein tur innom Kolgrovtua på veg tilbake mot Sandnessætra. Kolgrovtua er utsiktsplatået til Storehornet som ligg rett bak. Kolgrovtua er truleg det aller flottaste utsiktspunktet innover Syvdefjorden med tanke på å sjå begge sider av fjorden samtidig. Meir info om Kolgrovtua finn du på http://mrfylke.no/Morotur/Turar/Kolgrovtua-OEyranakken-rute-51 Går ein om Kolgrovtua blir turen ca 1 km lenger. 

Tilkomst og parkering

For å kome til startpunktet på Sandnessætra tek ein av frå riksvegen på Sandnes. Krysset på Sandnes ligg 3,2 km sør for fergekaia på Koparneset og 3,5 km nord for riksvegkrysset på Eidså.
Fottur
Grønn
Stigning
362 m
Tidsbruk
3 t. 50 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
640 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 5,2

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven

Betalingsmiddel for bomvei

Vipps
Køyreskildring
Print ut