English

Vinnu/Tappann

Sunndal

Kort om turen

Turen går til utsiktspunktet «Tappann» langs majestetiske Vinnu i Sunndal   Vinnu er rangert som verdas 6. høgaste fossefall, den høgaste i Europa og Noreg med sine 865 meter totale fallhøgde. Vinnu har sitt utspring frå Vinnufonna på Vinnufjellet. Ved utsiktspunktet er ein i nærkontakt med ett av dei mange «falla» Vinnu gjer frå toppen og på tur ned mot dalbotnen og Driva.   Start og stopp på samme plass.

Ruteskildring

Stien går i sørvendt frodig rasmark. Det er moderat stigning. Stien er tydelig merka. Ved mykje nedbør kan delar av turen opplevast noko sleip/glatt. Det er verdt å merke at turen er svært rasutsatt på vinter og tidlig vår, og ein bør ikke ferdast i området på denne tida.

Tilkomst og parkering

Oppstart på turen er ved rasteplassen på Hoelsskeidet, ca 6 kilometer langs FV70 fra Sunndalsøra sentrum i retning mot Oppdal. Gå ca100 meter oppover dalen langs sykkelbanen til du krysser Vinnu. Der tar det av ein traktorveg opp mot lifoten.Turen er merka frå sykkelbanen og opp til turkassa ved Tappann. Det er og mogleg å gå under riksvegen og ned mot Driva. Der knyter ein seg inn på sti som enten går vidare opp dalen mot Elverhøy, eller ned langs Driva mot Hoelsand. Ved rasteplassen på Hoelsskeidet ved FV70
Fottur
Grønn
Lengde
0,9 km en vei
Stigning
0 m
Tidsbruk
30 min.

Løype på kart

Køyreskildring
Print ut