English

Vikevatnet-Storehornet-Kolfishornet/Vedahornet, rute 66

Vanylven

Kort om turen

Flott rundtur til fine utsiktspunkt. Vikevatnet er eit godt fiskevatn. I området ser ein også tegn frå torvskjering i eldre tider. Ved Bjørdalsvatnet står murane igjen frå gammalt sel.

Ruteskildring

Ruta startar ved p-plassen på Vikafjellet, nær Vikevatnet. Frå parkeringa  kan ein gå både på Storehornet og Kolfishornet/Vedahornet som sjølvstendige turer t/r, men her er det rundturen der ein etter oppstigning til Storehornet med 360° utsikt får lettgått terreng mot Kolfishornet/Vedahornet og ned att mot Bjørdalsvatnet og Vikevatnet. Det er skilta ved rutestart. Heile ruta er merka. Frå parkeringa går ein i austlig retning. Etter vel 800 m kjem ein til skilta stikryss. Om ein vil gå Kolfishornet/Vedahornet går ein rett fram. Ruta mot Storehornet går her til venstre, nordover. Etter rundt 1,6 km startar stigninga opp til ryggen mot Storehornet. Ruta dreier meir i søraustlig retning. Etter ca 2,5 km er ein på toppen med panoramautsikt 360°. Her har Åheim IL trimpost. Ruta fortset sørover mot Kolfishornet/Vedahornet. Når det gjeld Kolfishornet/Vedahornet blir begge navna brukt. Eldre folk seier at det er Kolfishornet som er rette navnet, og at dette navnet er brukt på gamle kart. Det blir også sagt at Vedahornet egentlig ligg litt lenger nede.

Etter rundt 700 m nedstigning passerer ein Juldalsvatnet på vestsida og får ei lita oppstigning etter det. Når det flater ut igjen kjem ein til skilta stikryss omlag 1,2 km frå Storehornet. Ruta til venstre går mot Løvollsnipa, eventuelt mot Skjevatnet. Vi fortset rett fram. Rundt 2 km frå Storehornet dreier ruta vestover. Ein passerer deretter Hylkjesteinen, ein stor varde på venstre side, og rett etter kjem ein til nytt skilta stikryss. Ruta til venstre går mot Lyngfjellhola og ned til byggefeltet på Åheim, men vår rute går rett fram. Etter omlag 2,6 km frå Storehornet kjem ein til Kolfishornet/Vedahornet med panoramautsikt både innover og utover Vanylvsfjorden. Dette er også ein av trimpostane til Åheim IL. Ein går vidare mot nordaust og ned ryggen mot Bjørdalsvatnet som ein passerer på bru over elva, dreier nordvest og er snart ved stikrysset der ein kjem inn på same sti ein gjekk opp.

Tilkomst og parkering

Turen starter frå parkeringa ved Vikevatnet. Frå krysset i Åheim sentrum køyrer ein nordover, og etter 5,4 km tar ein til høgre opp fjellveien. Om ein kjem nordfra tar ein til venstre 200 m før avkøyring til Slagnes. Det er bomvei opp fjellveien. 1,3 km opp fjellveien tek ein til venstre og kører 300 m til. Der er det god og gratis parkering (om ein har betalt bomavgift). Gratis og god parkering ved rutestart på Vikafjellet ved Vikevatnet. Hugs bomavgift.
Fottur
Blå
Lengde
7,49 km rundtur
Stigning
367 m
Tidsbruk
2 t. 50 min.
Høyeste punkt
606 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 7,5

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven
Køyreskildring
Print ut