Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Vikehornet-rute 53C

Om turen

Gradering

Kommune

Vanylven

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

10,6

Lengde en vei (km)

5,3

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Panoramautsikt over Syvde.
Seten 701 moh held Røfsdalen t.v. og Saurdalen t.h. ifrå kvarandre.
Vikehornet speglar seg i Syvdsfjorden ein fin haustdag.

Vikehornet-rute 53C

Fotograf: Atle Midtbø

Kvifor gå denne turen?

Vikehornet tronar innst i botnen av Syvdsfjorden, og med sine 709 m.o.h. er det eit flott utsiktspunkt over Syvde. Utsikta frå fjellet er spesiell, du får ein veldig «nærhetsfølelse» til bygda. Turen utover mot toppen går i lett familievenleg terreng, når du har forsert det brattaste partiet i Tåbrotet

Kvar i terrenget går turen?

Startpunkt er frå parkeringsplassen på Røfsdalsætra, følg vegvisar til Vikehornet 5 km. Det er same råsa som går til Blæjevatnet og den startar ovanfor hyttene, merka med blåmalte steinar og stikker. Kryssing av ei lita elv som kan vere stor etter kraftig regn. Råsa får god stigning etterkvart og du kjem raskt opp i høgde. Ved Tåbrothytta er det passeleg å puste ut, den brattaste kneika er over. Herifrå går råsa over nokre knausar og terrenget flatar etterkvart ut innover mot ein stor stein som ligg ved foten av ein liten bakke. På den store steinen finn du to vegvisarar: Vikehornet til venstre og Lisjeblæja til høgre. Råsa som fortset rett fram går til Blæjevassbu. Følg blåmalte stikker til venstre og finn eit høveleg krysningspunkt av elva. Gå på lyngmark oppover til du finn sauderåsa som er merka med blåmaling. Råsa går i fin høgde med torrt underlag og er merka med blåmalte steinar og stikker utover mot Vikehornet.

Kulturminne

På Tåbrotet står ei gamal hytte som vart bygde i 1903. Ho vart nytta som vakstrehus, staden der gjetarane budde når dei vakta buskapen mot rovdyr. Det var mykje bjørn i området på den tida. Mjølarane gikk kvar dag til Tåbrotet og mjølka kyrne, mjølka bar dei heim i hylkje på ryggen. Sjå : http://www.syvdeil.no/index.php?option=com_content&view=article&id=104&Itemid=119

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Syvde sentrum køyrer du imot Saurdal. Ved Smedbøen svingar fylkesvegen mot høgre men du fortsett på grusvegen rett fram, mellom nokre bolighus. Når du har køyrt forbi husa er det reist ein stor stein på høgre side med ei kasse for vegavgift. Bompengar til Myklebust sameige. Røfsdalen er eit fint utgangspunkt for korte og lengre fjellturar, og det er tilrettelagt for parkering på Røfsdalsætra.
.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 9
Dårlig sti 0,8
Myr 0,8
Lengde tur/retur (km) 10,6
Lengde en vei (km) 5,3
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 30
Bratteste helning ned 30
Total stigning 450 Høydemeter

Mobildekning

Mobildekning det meste av turen.

Kart

Turkart for Vanylven