English

Vikahornet på Dyrkorn

Fjord

Kort om turen

Fin tur frå Dyrkornvatnet. Kort, men litt bratt tur som også er spesielt godt eigna for barnefamilier. Sjølv om turen er kort, får du ei kjensle av å vere på verdas tak! På Vikahornet er det flott utsikt over Dyrkornbygda, Storfjorden og fjellområda rundt. På andre sida av fjorden ser du fjellgardane på Skotet. http://www.skotet.no.

Ruteskildring

Frå parkeringa går du mot den øverste hytta, råsa startar til venstre bak hytta. Turen er merka og har god rås gjennom krattskog med utsyn over Dyrkornvatnet. Vidare frå Vikahornet har du muligheit til å gå opp til Varden og eventuelt vidare til Stordal.

Tilkomst og parkering

I vegkrysset på Dyrkorn køyrer du oppover bygda. Etter 1,5 km tar du til høgre i krysset. Fortsett ca 500 m til bomvegen startar til venstre (kostar kr 40). Vegen går vidare til Dyrkornvatnet (ca 1,3 km), der ein også kan parkere. Den første lille biten mot Vikahornet, går langs vegen oppover retning Vikastølen. (sjå også rutebeskrivelse)
Fottur
Blå
Lengde
1 km en vei
Stigning
226 m
Tidsbruk
55 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
603 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 1

Offentleg transport

Bussrute mellom Ålesund og Valldal, sjå frammr.no

Anna

Kombiner turen til Vikahornet med eit forfriskande bad i Dyrkornvatnet på returen. Ein kan også prøve fiskelukka (fiskekort kan kjøpast ved bommen).

Kart

Turkart Ørskogfjellet

Betalingsmiddel for bomvei

Vipps evt kontant (kr 40,-)
Køyreskildring
Print ut