English

Vestrefjellet

Ålesund

Kort om turen

Ein lett og variert tur, stort sett utan rås. Toppen av Vestrefjellet er eit flatt og fint område med berg og mose. Eit lite vatn ligg like ved. Varde markerer toppen. Frå toppen har du flott utsikt over Storfjorden, Snaufjellet mot nordvest, Høgsvora mot nordaust og Lauparen og Grytavasstind i søraust. Mot sør er det Skorkjene, Midmorgongshornet og Stamneshornet som er nærmast. Vestrefjellet er også eit fint turmål på ski om vinteren.

Ruteskildring

Du kan enten gå sør for VIPP-hytta og via den øvste hytta på Sollisætra, – eller du kan følgje råsa mot Kvanndalen / Høgsvora til du kjem om lag opp til høgspentlina. Uansett må du så vidare på skrå over myra mot nordvest. Her er det ikkje tydeleg rås, men sikt deg inn mot Heimsteelva vest for Sætrefjellet. Du kjem etterkvart opp i tørrare terreng, skal halde fram vidare mot nordvest og må sjå deg om etter ein plass å krysse elva. Vidare i same retning opp bakkane. Du ser ikkje varden på Vestrefjellet før du er nesten oppe.Turpostkasse med bok til å registrere seg i, finn du ved varden.

Tilkomst og parkering

Ta av frå riksveg 650 mellom Sjøholt og Stordal, i Vaksvika. Køyr austover på fylkesvegen mot Tresfjord. Etter 4 km. kjem du til Vaksvikfjellet camping og svingar til venstre, – før det som ein gong var Sportskapellet. Her tek vegen mot Sollisætra av, og du kan køyre sætrevegen til endes til du finn parkering like etter VIPP-hytta. Solliedsetra, parkeringsplass like forbi VIPP- hytta
Fottur
Blå
Stigning
309 m
Tidsbruk
1 t. 50 min.
Høyeste punkt
687 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 4

Offentleg transport

Nei

Kart

Ørskogfjellet
Køyreskildring
Print ut