English

Verahornet

Ålesund

Kort om turen

Ein variert tur på god rås. Du går gjennom skog, over små myrar og kjem til slutt over tregrensa før du når toppen av Verahornet med flott utsikt over Sjøholt sentrum og Ørskogvika. Du ser også vestover til øyane nordvest for Ålesund. I sør ser du innover Storfjorden, mot aust ser du toppane på Vaksvikfjellet og Ørskogfjellet og i nord ser du m.a. fjella rundt Skorgedalen. Verahornet er ein avrunda “topp” med gras og berg og er ein populær, sentrumsnær topp som vert mykje brukt som trimmål.

Ruteskildring

Skilt i starten ved parkeringa. Råsa følgjer skogkanten til venstre for løa. Råsa går vidare litt bratt opp og gjennom ein tett granskog. Vidare gjennom blandingsskog og over små myrar. Råsa er heile vegen tydeleg og du kjem etter kvart over skoggrensa og rundar til slutt eit berg, før du ser det trigonometriske punktet på toppen.

Tilkomst og parkering

Ta av mot nord frå E 39 i Sjøholt sentrum, skilt mot Solnørdal. Følg Solnørdalsvegen i 1,2 km., ta av mot høgre, på Eggevegen. Følg denne ca. 1,2 km. til du kjem til ei stor bjørk. Har du bil, parkerer du ved ved den store bjørka, før skiltet med “privat veg”.
Fottur
Blå
Stigning
332 m
Tidsbruk
1 t. 40 min.
Høyeste punkt
517 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2,8

Offentleg transport

Timeekspressen til og frå Sjøholt sentrum.

Anna

Snøfritt frå byrjinga av mai. I månadsskifte april/mai er eine marka på Eggane gul av blomstrande påskeliljer.

Kart

Ørskogfjellet
Køyreskildring
Print ut