English

Veøya Rundt

Molde

Kort om turen

Fin kajakktur med flotte kulturminner. Besøk Veøya og lær meir om denne spennande middelalderplassen! Dersom ein ønskjer ein lengre tur kan ein halde fram til Sekken og evt. padle rundt Sekken.

Ruteskildring

Frå parkering/startstad sett du kursen sørvestover mot Veøya og Nordvågen. Her er det fint å kome seg i land og det anbefalast å ta ein tur i land for å sjå på Veøy gamle kyrkje, middelalderkyrkje, og Veøy gamle prestegard. Her er også fint å bade og raste, men ver obs. på at det er eit landskapsvernområde. Turen går vidare rundt øya på sørsida. I Skjetnevika finn du Veøystua som driftast av DNT Romsdal. Her er det mogleg å overnatte ( https://ut.no/hytte/10153516/veystua ) Fra Skjetnevika padlar du vidare vestover  til Hangholmen, som ligg mellom Veøya og Sekken. Vidare rundt nordsida på Veøya og du kjem til Sørvågen, her kan du også gå på land igjen om du ønskjer ein pause. Hald så fram til Nesjestranda og utgangspunktet.

Tilkomst og parkering

Køyr til Nesjestranda og parker på nedsida av vegen rett etter tunellen (i retning Sølsnes). Fint å sjøsette kajakken. Parker på nedsida av vegen til Nesjestranda.
Padletur
Blå
Lengde
9,20 km en vei
Tidsbruk
4 t. 40 min.
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Beskrivelse av sjøforhold

Vind og bølgeforhold kan endre seg raskt i området, spesielt under kryssinga frå Nesjestranda til Veøya.

Kart

Turkart Molde
Køyreskildring
Print ut