English

Gullmorvatnet - 988 m.o.h

Sykkylven

Kort om turen

Dette er ein flott og variert tur midt i hjartet av Sunnmørsalpane. Du går på grusveg opp til Vellesetra, vidare slakt framover Velleseterdalen på god sti langs ein fin elv, før du begynner ei brattare oppstiging opp Gullmorbrekka til Gullmordalsvatnet. På heile turen er du omgitt av alpine tindar. På Vellesetra har DNT ei ubetjent hytte.

Ruteskildring

Start på grusveg ved Brunstad kraftstasjon. Følg skilt til Vellesetra. Vegen går nesten heilt opp til Vellesetra. Siste 200 m er på sti. Du kan altså kome deg nesten til setra med barnevogn . Nokre stadar deler vegen seg; hald til høgre. Frå Vellesetra er det god sti vidare framover Velleseterdalen. Følg skilt til Patchellhytta og T-merka sti. Fremst i dalen må du krysse elva før du startar på Gullmorbrekka som er ei litt bratt oppstiging til Gullmordalsvatnet. Stien kan vere litt utydleg nokre stadar, men den er godt merka med vardar og T-ar. Det er fint å raste ved vatnet.

Tilkomst og parkering

I Velledalen (Sykkylven kommune) tek du av frå Fv 60 ved skilt merka ”Brunstad”. Du kjem inn på gamlevegen. Etter 100 m tek du skarpt til venstre ved ein gamal fabrikk. Følg vegen vidare til du kjem til eit kryss der du ser eit tømmerhus med torvtak. Ta av og køyr forbi dette huset (huset ligg då på høgre side av vegen). Du kjem inn på grusveg som du følger vidare til Brunstad kraftverk. Her er det god plass å parkere. Du skal følge grusveg på høgre side av elva (sjå skilt) . Parker ved Bruns

Fottur
Rød
Lengde
5,54 km en vei
Stigning
885 m
Tidsbruk
5 t. 0 min
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
985 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 8,7

Kart

Sunnmørsalpane. Turglede Sykkylven

Lenke til turskildring

Velleseter - UT.no
Køyreskildring
Print ut