Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Vaulsnipa frå Vaulen, rute 59/61

Om turen

Gradering

Kommune

Vanylven

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

2,6 t/r

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Utsikt mot Kyrnosa. Nipevatnet (venstre) og Krokevatnet (høgre) er fine fiskevatn.
Frå Vaulsnipa går det ruter vidare mot Kyrnosa og Nyken. Ein ser også rutestart på 2 andre ruter: Beksle (mot Bekslehornet) og Skitnevika (mot Kyrnosa).
Flott utsikt ut Vanylvsfjorden. Det går merka rute mot Nyken og Tusshornet.
Frå parkeringa på Vaulen går ruta straka vegen på merka sti til Vaulsnipa. Bekslevatnet (venstre) og Vaulvatnet (høgre) er gode fiskevatn.

Vaulsnipa frå Vaulen, rute 59/61

Fotograf: Odd Westerås

Kvifor gå denne turen?

Ein forholdsvis lettgått tur. Turen blir ofte kombinert med lengre turar, enten via Kyrnosa til Vaulsnipa og ned til Vaulen eller vidare frå Vaulsnipa til Nyken og Tusshornet. Ved foten av Vaulsnipa ligg 2 gode fiskevatn, Nipevatnet og Krokevatnet. I austenden av Krokevatnet er det bålplass med sitteplassar av stein. For å kome ned til disse vatna går ein enten ruta mot Kyrnosa ned til Nipevatnet eller ein tar av der ruta går mot Nyken (skilta) og går vestover igjen mot Krokevatnet. Også Vaulvatnet og Bekslevatnet er gode fiskevatn. Disse ligg nedanfor parkeringa ved rutestart langs Fv 61.

Kvar i terrenget går turen?

Ruta startar frå Vaulen, som ligg ved Fv 61 mellom Åheim og Bryggja/Maurstad. Ved parkeringa er det skilt som viser retninga. Det er godt synlig sti og ruta er merka og går frå parkeringa i sørvestlig retning mot Vaulsnipa.

Kulturminne

Vaulen: På Vaulen står fortsatt sel som viser at her var støylsdrift.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå krysset på Åheim, køyrer ein over brua mot Måløy på Fv 61. Parkeringa og rutestart ligg på Maurstadeidet, 4,9 km frå krysset på Åheim.

Kvar kan du parkere?

Gratis og god parkering ved rutestart.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 2,6
Lengde tur/retur (km) 2,6 t/r
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 180 25
Bratteste helning ned 180 25
Total stigning 290 Høydemeter

Mobildekning

Ja

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven