Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Vatthornet og Klovevatnet ( Kloven )

Om turen

Gradering

Kommune

Sande

Type tur

Skitur

Gradering

XXX Rød

Lengde tur/retur (km)

8

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

På vei til toppen
Toppen ( Kloven )
Utsikt frå Toppen
Kart

Vatthornet og Klovevatnet ( Kloven )

Kvifor gå denne turen?

Spesiell tur på ski heilt ut mot havgapet med Svinøya i nordvest. Frå toppen ( Kloven ) ser ein både Storetua, Sollia, Nystøylhornet, Stadt og delar av Sunnmørsalpane.

Kvar i terrenget går turen?

Følg bilvei mot Sædalen. Når ein kjem forbi Skotet og opp på første strekk med flat vei, ta til høgre før brua og gå mot søraust ( Rindane ). Hold vest for denne fjell-knausen. Følg merkepinnane til toppen av Vatthornet 335 moh. her har Fjelltrimmen ved Gjerdsvika IL ein av postane sine. Frå Vatthornet går turen vidare sørover og innover fjella til Klovevatnet 505 moh. Her er litt variert terreng, men fint å gå om ein nyttar fella.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Start ved Fredtun (forsamlingshus i Gjerdsvika) og følg veien opp mot Sædalen ( mulig ein må bere skia i starten ) Det er grusvei ca. 1,7 km. før ein svingar av vegen mot Vatthornet og Klovevatnet.

Kvar endar turen?

Kan kombinerast med tur vidare til Storetua, med slutt i Gursken ( sjå tur Storetua ). Med retur til Gjerdsvika, vil turen verte ca. 12 km. Både Gjerdsvika IL og Gursken IL har "post" på Storetua.

Kvar kan du parkere?

Gratis parkering ved forsamlingshuset Fredtun i Gjerdsvika, ca. 200m nord for Coop Marked.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Ikke preparerte løyper 8
Lengde tur/retur (km) 8
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 30 35
Bratteste helning ned 30 35
Total stigning Ca.700m Høydemeter

Mobildekning

Meir eller mindre heile vegen.

Rasfare

Værforholdene og snøstabiliteten kan endre seg raskt, husk alltid å vurdere snøskredfare før du velger tur og rute. For oppdatert snøskredvarsel i Romsdalsområdet og informasjon om hvordan du selv kan redusere din egen risiko, gå til www.varsom.no. Snøskredvarselet vil aldri være en fasit på hvor det er trygt, men vil gi deg mer informasjon om forholdene slik at du selv kan gjøre fornuftige valg.

Kart

norgeskart.no