English

Vasshornet

Sande

Kort om turen

Flott utsikt over Gursken, Sande, Herøy, Ulstein, Sunnmørsalpane og Vanylvsfjella. Du får også gå deler av Kyrkjevegen som er den vegen folk gjekk når dei skulle til kyrkje i gamle dagar då der var kyrkje berre på Rovde. Då gjekk dei over her og ned i Tødeneset og rodde over til Rovde. Gursken I.L og Gurskøy I.L har trimpost på toppen.

Ruteskildring

Råsa byrjar på austsida av grushola på Almestad, går så gjennom skogen, over elva og over myrane og opp Kyrkjevegen. Råsa går over nokre bratte berg øvst i Kyrkjevegen, når du har passert dei tek du til venstre skilta mot Vasshornet. Råsa går vidare over nokre myrar, går så bratt oppå ryggen og fylgjer den heilt opp til toppen. Der er litt bratt på enkelte parti oppetter ryggen.

Tilkomst og parkering

Almestad i Gursken. Ta av frå fv 61 ca 100m austapå dei austlegaste husa på Almestad, køyr ned ein traktorveg til ei grushole, parker her. Grushola på Almestad
Fottur
Blå
Lengde
2,08 km en vei
Stigning
413 m
Tidsbruk
2 t. 5 min
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
479 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 4

Offentleg transport

frammr.no

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, kart 1119 III Vanylven, norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut