English

Vardfjellet

Molde

Kort om turen

Eresfjord. Enkel og fin skitur for heile familien. Først eit par kilometer langs setervegen til Kanndalen. Deretter opp gjennom åpne glenner og uthogd løype i skogen. Frå den store varden på toppen 827 moh har du fin utsikt rett mot Skjorta, ut fjorden mot Eidsvåg og sjølvsagt oversikt over Eresfjord. Og ikkje minst, du kan gle deg til ei fin nedrenning.Alternativt kan du fortsette nordaustover til høgste toppen på Vardfjellet (896 moh). Og deretter renne ned til Kanndalen. Da er det berre å følgje setervegen ned igjen   .

Ruteskildring

Etter parkering ved Bjørbakkbrua, følgjer du vegen over brua, opp bakken og gjennom tunet på Bjørbakken. Vidare opp gjennom bommen ved Gransetra. Etter ca 2 km langs vegen ( ca 338 moh) tar du av frå vegen opp til venstre og oppover det vi lokalt kallar Myra. No følgjer du skogen både via åpne glenner og uthogd løype. Når du passerer skoggrensa har du knappe 100 høgdemeter igjen før du er på toppen ved den store varden på Vardfjellet.

Tilkomst og parkering

Frå fylkesvegen på austsida av Eresfjord tar du av ved skiltet Gransetra, og følgjer kommunevegen opp til parkeringa rett før Bjørbakkbrua, 1,3 km. Parker her og gjer klar ski og sekk.
Skitur
Blå Topptur
Lengde
3,8 km en vei
Stigning
707 m
Tidsbruk
2 t. 45 min.
Sesong
Vinter, Vår
Høyeste punkt
820 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

Nei

Kart

M711 1320 II Eresfjord
Køyreskildring
Print ut