English

Vardeskaret frå Aldalen

Volda

Kort om turen

På denne turen får du gå nokså uforstyrra. Det er ikkje veldig mange som går denne turen på beina, men det er ein kjekk tur. Den går i variert terreng og utsikta frå Vardeskaret er flott! Du har flott utsikt både inn Austefjorden og utover mot Volda. Det er ikkje uvanleg å gå vidare over til Volda eller ta turen til Koppefjellet

Ruteskildring

Start frå parkeringsplassen ved Aldalsstøylen. På oppsida av vegen ser du ei raud stikke. Turen startar her. Det er sti nesten heile vegen til topps. På slutten er den litt utydeleg nokre plassar, men sikt deg inn mot varden når du får auge på den. Ruta er merka med raude merkepinnar/merkepålar. Når du kjem opp til haugen (Nestehaugen) ikkje så lenge etter start, svingar stien svakt mot venstre (N62° 06.429' E6° 12.549'). Etter å ha gått i bjørkeskog kjem du inn i eineskog og etterkvart i ope lende. Du passerer ein kvilestein i olivin, og kjem etterkvart opp til elva. Kryss elva ca. 470 moh (N62° 06.521' E6° 12.057'), og følg elva vidare på høgre sida. Stien går ca. 10-15 m frå elva. Etterkvart kjem du opp i eit område der snøen kan bli liggande ei stund, og stien er difor meir utydeleg. Det er sti og merking som du kan følge, men dersom du ikkje finn sti, siktar du deg rett oppover, og når du ser varden, går du mot denne. Når du kjem opp til varden, følger du stien litt vidare til du kjem til ein ny varde. Her finn du turkasse med bok. Det er mange plassar du kan sitte og nyte den fine utsikta

Tilkomst og parkering

Køyr frå Volda mot Stryn på E39. Omlag 1 km etter Hjartåbergtunnelen skal du ta av på Aldalsvegen mot Vatne. Køyr knapt 2 km opp til sætra. Her er det ein parkeringsplass på nedsida av vegen. Stien startar tvers over vegen for parkeringsplassen. Parkering på parkeringsplassen der turen startar
Fottur
Blå
Stigning
455 m
Tidsbruk
2 t. 30 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
725 moh
Merking
Merket

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 4

Offentleg transport

Nei

Anna

Det er vanleg å gå på ski til Koppefjellet frå Aldalen. Første delen av turen er då den same som denne til fots. Det er elles fint å bade i vatnet. Mange har Aldalsvatnet som turmål. Når du står på Vardeskaret og ser mot nord, får du kanskje auge på ei flott steinbu ca 200 m vekke. Det er verdt å ta turen bort og sjå på den

Kart

Sunnmørsalpane

Lenke til turskildring

Trugetur til Vardeskaret - Lillemann og mor i fjellheimen
Køyreskildring
Print ut