Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Varden på Bergsøya

Om turen

Gradering

Kommune

Gjemnes

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

3,2

Lengde en vei (km)

1,6

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Sti opp gjennom skogen. Foto: R.S. Berthinussen.
Utsikt mot flytebrua. Foto: R.S. Berthinussen.
Averøy og Frei. Foto: R.S. Berthinussen.
Ved varden. Foto: R.S. Berthinussen.

Varden på Bergsøya

Kvifor gå denne turen?

Fin tur med flott utsikt både innover Tingvollfjorden, Batnfjorden og utover mot dei ytre nabokommunane. God veg og god sti, samt nokre motbakkar som gir hjartet litt å arbeide med. 

Kvar i terrenget går turen?

Følg merkinga og gå skogsvegen oppover til enden. Herifrå går det ein tydelig sti vidare opp mot toppen. Starten av turen går i motbakke, men etter kvart flatar det meir ut. Når du kjem opp mot toppen, går turen over myr. I 2017 vart det gjort eit stort arbeid med klopping i partia med stor slitasje. Derfor kan ein i store delar av sesongen gå tørrskodd opp.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Du skal til Bergsøya i Gjemnes. Hit er det lettast å kome med bil, men det går også buss langs E39.

Frå rundkøyringa på Bergsøya (Krifast) følgjer du E39 i 2 km i retning Trondheim. Ta av til venstre ved skilt til Halset. Køyr 100 meter på asfaltert veg, så tek du til høgre og køyrer 1,15 km på grusveg. Her går det av ein skogsveg på venstre hand, merkt med Varden på eit treskilt. Turen startar 100 meter oppe i skogsvegen.

Frå Tingvoll følgjer du E39 over flytebrua. På Berge tek du av til høgre ved skilt til Måløy og følgjer grusvegen sørover til du får treskiltet merkt Varden på høgre hand.

Kvar endar turen?

Turens mål og postkasse med bok finn du ved varden på toppen av øya.

Kvar kan du parkere?

Det er dårleg med parkering, så vis omsyn, slik at du ikkje parkerer nokon inne. Du kan enten finne parkering på nedsida av grusvegen, eller ved bom 100 meter oppe i skogsvegen.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 1,6
God sti 1,6
Lengde tur/retur (km) 3,2
Lengde en vei (km) 1,6

Offentlig transport

Fram (http://www.frammr.no/) har fleire bussavgangar som køyrer forbi på E39. Gå av ved busstopp nær Halset, og følg køyreruta som skildra over. Herifrå er det 1,35 km å gå fram til turstart.

Mobildekning

Ja.

Kart

Turkart Kristiansund 1:50 000.