Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Stordal

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

6,8

Lengde en vei (km)

3,9

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Tåja - tufter etter gammal sommarfjøs.
Utsikt frå Hovsnakken fram i Stordalen.
Utsikt mot Storfjorden og Holmen.
Varden og Hovsnakken sett frå Rosekyrkja.

Varden

Kvifor gå denne turen?

Varden er toppen over Stordal med utsikt til dalen framover og ut gjennom Storfjorden.

Kvar i terrenget går turen?

Råsa er bratt opp til Hovsnakken. Det er fleire moglege ruter opp, den som beskrivast her er kanskje den som er brattast. Mykje granskog på første del av turen. Litt lauvskog lenger oppe. Råsa er lett å følge opp til Hovsnakken. Derifrå går ein mot nordvest gjennom myr. Det er litt vanskeleg å følge råsa her, men ein går langs tregrensa forbi ei jakthytte på venstre hand og bort til neste jakthytte. Her svingar ein opp, og går etter ein rygg. Ein ser etterkvart vardane på toppen.

Kulturminne

Tåja - tuftene av ein gammal sommarfjøs
Hovsnakken - gammalt sel og tufter av sommarfjøs

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Parker i sentrum eller ved bensinstasjonen. Vis á vis bensinstasjonen går du 1 km oppover mot Hovslia bustadfelt. Her følgjer ein vegen, først ein krapp sving til venstre, og lenger oppe tar ein til høgre i vegkrysset. I enden av vegen tek ein oppover forbi det siste huset (nedover går ein gangveg). Råsa starter rett over snuplassen.

Kvar endar turen?

Fleire moglege ruter ned frå toppen
Ei er å gå mot nord - nordvest mot Vikahornet og til Vikastølen på Dyrkorn. Det er då lurt å ordne med biltransport.
Ei anna fin rute, er mot Midtbustsætra i aust. Ein går då ganske bratt ned frå Varden, bortover Midtbusteggja, som er eit flatare parti og til Midtbustætra. Vidare ned råsa til Midtbust nede i Stordal.

Kvar kan du parkere?

Anbefalt parkering i sentrum eller ved bensinstasjonen, då det er begrensa tilgang til parkering i Hovslia.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 4,8
Myr 1
Lengde tur/retur (km) 6,8
Lengde en vei (km) 3,9
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 500 30
Total stigning 750 Høydemeter

Offentlig transport

Bussrute mellom Ålesund og Valldal, sjå http://www.frammr.no

Mobildekning

Ja

Kart

Turkart Ørskogfjellet