English

Vardefjellet

Fjord

Kort om turen

Vardefjellet er ein forholdsvis lett topptur som gir godt utsyn til bygdene og fjella kring Norddalsfjorden og til delar av Stranda kommune. Vardefjellet har fått namnet sitt fordi dette i vikingtida var ein vete eller varde der dei tende bål for å varsle om ufred og åtak frå fiendar. Fin som kveldstur med utsikt til solnedgang over Sunnmørsalpane i vest, eller som søndagstur med familien.

 

Ruteskildring

Turen startar frå Klovset (549 moh), sæter for Linge og Lingås. Her er det god parkeringsplass og informasjonstavle med flyfoto der det er teikna inn ulike turruter i området.

Følg traktorveg første 100 meter frå parkeringsplassen, så skilting til rås (sti) som tek av til høgre. Det går bratt oppover i starten, her heiter det Småkrokane. Eit stykke oppi lia deler råsa seg mot Vardefjellet og Hogsetdalen. Det er skilta med ein skiltstolpe. Ver merksam på fleire råser ved stidele, det er snarvegar.

Råsa mot Vardefjellet går vidare oppover og vestover i ope og lett fjellterreng med godt utsyn over fjord og fjell. Eit lite stykke før toppen passerer du det idylliske Vardevatnet 850 moh. Her er det mogleg å bade. Det ligg også ei privat hytte ved vatnet, Vardebu.

Frå Vardevatnet er det ca 10 min gange til utsiktspunktet på Vardefjellet. Førg stien i vasskanten mot sør, ved utløpet av vatnet, og vidare vestover og litt oppover.

Turen er merka med raude v-ar (v for verdsarv), stolpar med raud topp i terrenget, og skilt der råsa deler seg. Rekne om lag ein time opp med jamn gange.

Trimpost for Valldal IL.

Tilkomst og parkering

Ved Muri i Valldal (like før sentrum i Valldal når du kjem frå vest/Ålesund) er det skilta mot Lingås. Følg vegen i store slyng oppover, ver merksam på første sving med bustadar på begge sider av vegen (vegen rett fram går til bustadfeltet). Følg vegen oppover, forbi fleire bustadfelt og hyttefelt og gardar heilt til siste tunet i Lingås (200 moh.)
Lingås: Køyr forbi løa og parker bilen på merka p-plass, eller køyr vidare til Klovset på bomveg (2,4 km). NB! Siste del av bomvegen er bratt, men grei å køyre. P-plass til 10-15 bilar på Klovset.
Om du vil gå frå Lingåsen kan du rekne ein times gange på grusveg. Bompengar kr 60 Lingås - Klovset

Fottur
Blå
Lengde
2 km en vei
Stigning
378 m
Tidsbruk
1 t. 55 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
875 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2,1

Offentleg transport

Det går buss mellom Valldal og Ålesund http://www.frammr.no/Ruter/Buss/145 Om sommaren går det også buss mellom Valldal og Åndalsnes (tre avgangar for dag).

Anna

Vardefjellet ligg nærast på eit nes fram mot Norddalsfjorden, 893 moh. Det er ein forholdsvis lett topptur som gir flott utsikt til store delar av tidlegare Norddal kommune og delar av Stranda kommune, og også til mange av dei høgste toppane i området. Rett i sør ser du fjellet Torvløysa (1850 moh.) i Norddal, og du kan også skimte Pyttegga (1999 moh.) i Tafjordfjella mot søraust. Dette er den høgaste fjelltoppen både i Fjord kommune, i Rauma kommune og også i Møre og Romsdal fylke. 

Vestover ser vi mot Stranda, og vi skimtar også det kjente turmålet Slogen (1564 moh.), som ligg i Ørsta. Mot nord er det utsikt til Blåtinden (1338 moh.), grensefjell mellom tidlegare Norddal, Stordal, no Fjord, og Stranda kommunar. Rett nedanfor Vardefjellet mot nord ligg Hogsetdalen (750 moh.), den andre sætra for Linge og Lingås. Her er det no oppattbygd fleire sel/hytter som tidlegare stod til nedfall. Det er merka rås over heia frå Vardevatnet og til du kjem inn på råsa mot Hogsetdalen lenger aust.

Vardefjellet har fått namnet sitt fordi dette i vikingtida var ein vete eller varde der dei tende bål for å varsle om ufred og åtak frå fiendar. I heile landet var det eit system med vetefjell der det var fri sikt frå det eine vetefjellet til det neste. Det var difor viktig at slike vetefjell hadde god utsikt både til nærliggjande vetefjell og til bygdene i området, slik at folk vart varsla.

Kart

Turkart Norddal kommune 1:50 000 Turkart Stranda kommune 1:50 000

Betalingsmiddel for bomvei

vipps
Køyreskildring
Print ut