English

Vardane

Sula

Kort om turen

Turen til Vardane, Sulas høgaste punkt, er fin å gå heile året. Vinterstid er det oppkøyrd løyper til Taustua og Rollonhytta. Her kan ein få kjøpt forfriskningar på dei fleste «raude» dagar i året. Det er grusa tursti til Rollonhytta, derifrå tydeleg og tidvis bratt sti.

Ruteskildring

Turen startar frå parkeringsplassen i nordenden av Mausavatnet. Første del er ein gardsveg som går over i ein grusa tursti opp til ei skibu. Ved skibua har ein to val, anten gå vidare rett fram eller ta av 90 grader til høgre og følgje lysløypa vidare. Dersom ein går rett fram, må ein ta av til høgre omlag 150 meter lenger framme (ved ei bru) og så møtest dei to stiane lenger oppe. Då er det berre å halde seg etter skiltinga vidare oppover til Vardane som ligg på 776 m.o.h  Stien går i delvis myrlendt terreng ca 300 meter etter Rollonhytta. Deretter fin og tørr, men bratt sti til topps.

Tilkomst og parkering

Det er opparbeidd stor parkeringsplass ved nordenden av Mausavatnet. På store utfartsdagar vert det fort fullt, køyr då vidare til andre enden av vatnet og parker ved fotballbana på Allheim.

Fottur
Rød
Lengde
5,78 km en vei
Stigning
733 m
Tidsbruk
4 t. 25 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Lysløype
Deler av turen
Høyeste punkt
705 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

Sularuta passerer rett forbi parkeringsplassen. Haldeplass ca 50 m frå gardsvegen. http://www.sularutelag.no (sjå linkar med Sulesund).

Kart

Turkart Ålesund. Målestokk 1: 50 000
Køyreskildring
Print ut