Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Ørsta

Type tur

Fottur

Gradering

XXX Rød

Lengde tur/retur (km)

5,2

Lengde en vei (km)

2,6

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Ørstafjorden og Hovdebygda. Vi ser også Skålavegen og gapahuken nede i høgre hjørne.
Saudehornet ligg rett bak Vallahornet
Vallahornet til høgre og Saudehornet til venstre sett frå gapahuken ved Skålavegen.
Fin utsikt over Ørsta frå Vallahornet

Vallahornet

Kvifor gå denne turen?

Vallahornet ligg rett over Ørsta sentrum med god utsikt over Ørsta og Hovdebygda. Du ser også rett på Nivane i vest, Saudehornet og Kyrkjetinden i nord, Sandhornet i aust og Melshornet i sør. Vallahornet ligg som ein fortopp til Saudehornet så turen kan gjerne kombinerast med ein tur dit, då vert det ein fin rundtur.

Kvar i terrenget går turen?

Gå Skålavegen til 3. vasshus, råsa går bakom vasshuset og går mot nord og kryssar elva, går vidare mot nordaust etter ryggen, når du byrjar å nærme deg ryggen som går mellom Vallahornet og Saudehornet tek råsa av mot søraust og går rett opp på toppen.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå rundkøyringa på E39 i Ørsta sentrum køyrer du Ivar Aasengata (E39) ca 450m og tek til høgre opp Garvargata ca 250m og tek til høgre Håkonsgata ca 50m og tek til venstre opp Vikegeila og køyrer den til vegs ende (ca 700m) og parkerer ved Vikegeila Vassbehandlingsanlegg.

Kvar kan du parkere?

Parkeringsplass ved vassverkshuset

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 2,0
God sti 3,2
Lengde tur/retur (km) 5,2
Lengde en vei (km) 2,6
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 100 28
Bratteste helning ned 100 28
Total stigning 700 Høydemeter

Offentlig transport

frammr.no

Kart

Sunnmørsalpane, M711 1119 II, sunnmorskart.no