English

Signalen (231 moh.) frå Kolvikparken på Valderøya

Giske

Kort om turen

Lett fottur i flott natur med fleire fine utsiktspunkt undervegs og på toppen. Varden på fjellet Signalen på Valderøya. Høgste punktet på Valderøya, 231 meter over havet. På toppen finn du også ein oppmura varde med ei sikteskive som fortel deg kva du ser i dei forskjellige retningane. 

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen ved Kolvikparken går du rett inn i skogen og følgjer stien oppover. Den første høgda du kjem til er Lille Måsetua der du møter fleire stiar frå Skjong. Alt her er det flott utsikt mot Skjongholmen, Giske og Godøya.

Så er det ei lita nedstigning som kan vere vanskeleg for dei minste, før stien fortset mot toppen på høgre sida av Måsetua mot der du ser mobilmasta står. Ein alternativ sti går på venstre sida av Måsetua og opp på kanten mot Skjong/Ytterland. Her er det brattare og litt meir klyving. Hovudstien har ei lett stigning oppover før ein kjem til eit bratt parti med litt klyving der dei minste må få litt hjelp. Rett før dette kjem også stien frå Grødalen i austre Skaret inn på hovudstien.

Våte og gjørmete parti av stien er utbetr med steinar i 2023.

På vegen opp er det flott utsikt mot Gamlemsveten og skipsleia nordover mot Lepsøyrevet. Stien flater så litt ut før den siste stigninga mot toppen. I starten av denne stigninga står Kvilesteinen midt i stien. Dette er ein populær stein å kvile og raste på for dei minste. Frå denne steinen er det berre nokre få minutt opp til toppen.

På det høgste punktet Signalen på 231 moh. står det ein steinvarde. Herifrå er det fantastisk utsikt i alle retningar. Du ser mot storhavet i vest med Erkna og Storholmen fyr, vidare ser du heile runden med Vigra, Nordøyane, Gamlemsveten, Sunnmørsalpane, Ellingsøya, Ålesund, Hareidlandet, Godøya og Giske. 

Turen tek 20-30 minutt opp. Med små barn må ein rekne 45 minutt.

Tilkomst og parkering

Turen til Signalen på Valderøyfjellet startar frå parkeringsplassen ved Kolvikparken i Skaret på Valderøya. Når du køyrer nordover Øvstevegen på Valderøya tar du av vegen sør for Spar-butikken og køyrer opp langs husrekkja lengst oppe mot skogen der du finn ein parkeringsplass ved enden av vegen. Denne parkeringsplassen er ganske liten. Det er meir parkering ved skulen (i helgene) og ved kyrkja. Begge deler er plassert like sør for Spar-butikken. Parkering ved startpunkt Kolvikparken, alternativt ved Valderøy barnaskule (ettermiddag og helg/fridag) eller ved Valderøy kyrkje.

Fottur
Grønn
Lengde
1,19 km en vei
Stigning
171 m
Tidsbruk
1 t. 5 min
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
231 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 1,19

Offentleg transport

Nettbuss har stoppested ved Spar-butikken. 10 minutt å gå til starten av turen.

Anna

Nord for Signalen er Sætredalen naturreservatet. Reservatet er verna for bevaring av sjøfugl og andre hekkande fuglar. Det er ferdselsforbod mellom 01.05 og 31.07, og bandtvang for hund heile året. Valderøyfjellet er eit gras- og lyngkledd område, klassifisert som viltlokalitet, med kulturlandskap og kystlynghei. Kystlyngheier er blant dei utvalgde naturtypane i forskrift om utvalgde naturtyper etter naturmangfoldlova. Det fins mindre dammar og små bekkar i området. Grunnen i området er for det meste blaut og våt, med strekninger med fjellgrunn. Friluftsaktivitet i området utgjer ein trussel for naturen, både innanfor og utanfor reservatet. Når folk kjem nær hekkeplassar, vil vaksne fuglar forlate reiret og unger og egg blir dermed både sårbare for rovdyr og utan skjerming for klimaet. Bevaring av vegetasjonen er også viktig for dyrelivet på fjellet. Dei lave, sårbare artane som er typiske for området bør ikkje bli skada, då fuglene er avhengige av visse plantar for å hekke. Dette inneber at alle turgåarar må ta omsyn til naturen. Frå toppen ser du også forskjellige andre stiar . Mot nord går det to stiar mot Sætreaksla og Sætredalen, medan i aust kjem stien frå Borghildryggen og Nordstranda opp. Signalen og Valderøyfjellet har mange alternative turar og det er også fint å kombinere desse med turvegen langs fjellfoten forbi Skjonghellaren. Fantastisk utsikt mot storhavet og Erkna i vest, Storholmen i nord, og heile runden Vigra, Nordøyane, Gamlemsveten, Sunnmørsalpane, Ellingsøya, Ålesund, Hareidlandet og Godøya og Giske.

Køyreskildring
Print ut