English

Vadsteinsætra frå Vadstein

Volda

Kort om turen

Dette er ruta som er vanleg opp til sætra av folket på Vadstein. Det er jamn og bratt stigning med ein litt utydeleg sti, særleg i starten. "Betalinga" er ein variert tur med flott utsikt mot Austefjorden, og ein tur i nokså uberørt natur.

Ruteskildring

Start ved skilt Vadsteinsætra og følg gjerdet oppover. Ved enden av gjerdet skråar du oppover mot første høgda. Stien er litt utydeleg, men det går greit å finne ein veg opp. Følg merking. Oppe på høgda går stien vidare mellom to store steinblokker. Herifrå er stien tydelegare. Gå oppover på venstre sida av elva. I omlag 300 m høgde kryssar du elva. Her er det ei lita steinbru. Stien vidare oppover er grei å finne. Du skal krysse elva ein gong til, og når du nærmar deg sætra er det meir myrlendt terreng, noko som gjer at stien kan vere litt utydeleg enkelte stadar. Første myra skal du skråe over. Vidare ser du stien greit og om du skulle misse den, er det likevel greit å finne vegen til sætra. Stien går på ein rygg på nordsida av vatnet som ligg like nedanfor sætra. (Dersom du kjem til eit skilt til Åseskaret må du IKKJE følge denne skiltinga! Stien er attgrodd og terrenget er bratt!)

Tilkomst og parkering

Køyr frå Volda sentrum mot Stryn/Austefjorden (E39). Like før Hjartåbergtunnellen følger du skilting mot Hjartåbygda og køyrer Hjartåbygdvegen nokre hundre meter innover. På nedsida av vegen like før svingane, ligg det ein gard. I dette området kan du parkere, og du finn stien på oppsida av vegen (sjå etter skilt). Det er plass til å parkere på nedsida av vegen der turen startar
Fottur
Blå
Lengde
3,48 km tur/retur
Stigning
456 m
Tidsbruk
2 t. 5 min
Høyeste punkt
507 moh
Merking
Merket

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 3,4

Offentleg transport

Buss mellom Volda og Stryn: https://www.nettbuss.no Busstopp ved opninga på vestsida av Hjartåbergtunnellen

Kart

Sunnmørsalpane
Køyreskildring
Print ut