English

Vadsteinsætra frå Krøvelsætra

Volda

Kort om turen

Vadsteinsætra har ein bratt oppgang frå Vadstein. Dette er ei slakare rute der du er innom tre sætrar: Krøvelsætra, Rotevassætra og Vadsteinsætra

Ruteskildring

Start ved Krøvelsætra på sti som går like ved det store steinbordet og vidare over myrlendt område til Rotevassætra. På Rotevassætra er der eit grindbygg som er ope for alle. Stien går like ved dette. Fortsett på litt svak sti midt på setrevollen. Sikt deg inn mot eit lite brønnhus. Stien er litt utydeleg og går mellom den øvste hytta og brønnhuset. Etter brønnhuset er det ikkje sti vidare over myrområdet. Gå over myra til du kjem til ei elv. Her ser du nokre staurar som er malte med blått. Dette er "peilestikker" for trakkemaskina på vinterstid. Følg stien som følger desse staurane til du kjem til skilt som viser mot Vadsteinvatnet/Knutsdalen. Følg skiltinga mot Vadsteinvatnet. Når du kjem opp til vatnet må du velge kva side du vil gå på. Går du på høgre side, kryssar du elva og følger stien langs vatnet heilt til du kjem til enden av vatnet. Du skal opp på ei lita høgde på litt utydeleg sti. Gå på venstre side av ein haug og følg sti til Vadsteinsætra. Vil du gå på venstre side av vatnet, går stien opp på haugen og så ned att til vatnet. Han går vidare langs vatnet og etterkvart litt opp i sida og opp på ein liten haug der det før stod ei mast. Herifrå følger du stien vidare til sætra. På returen kan du kanskje gå på den sida av vatnet du ikkje gikk då du gjekk til Vadsteinsætra, så får du ein liten rundtur. Frå vatnet følger du stien tilbake til du kjem til ei bru (N62° 07.660' E6° 11.010'). Ta skarpt til høgre her, over myra. Her er berre delvis sti, så sikt deg inn mot det vesle brønnhuset eller hyttene på sætra.

Tilkomst og parkering

Frå Ørsta: Følg FV655 mot Sæbø i omlag 8 km. Ta av på FV45 mot Volda. Etter 2 km kjem du til bomvegen du skal følge til endes (omlag 2,5 km) til Krøvelsætra. Frå Volda: Følg E39 mot Stryn. Etter omlag1,5 km kjem du til ei rundkøyring. Ta av mot Vikebygda på FV45/Vikebygdvegen. Følg denne i omlag 6 km. Då kjem du til bomvegen du skal følge til endes. Bomavgift personbil kr. 30 (2015)

Fottur
Blå
Lengde
6,74 km tur/retur
Stigning
256 m
Tidsbruk
2 t. 20 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
547 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 5,7

Offentleg transport

Det går fint å sykle til start

Anna

Turen går på ein del myrlendt område så skotøy som tåler væte er lurt.

Kart

Sunnmørsalpane. sunnmorskart.no

Betalingsmiddel for bomvei

Vipps eller betale til konto
Køyreskildring
Print ut