English

Utom fjellet - Skjonghellaren

Giske

Kort om turen

«Utom fjellet» er ein flott turveg langs vestsida av Valderøya, med godt utsyn mot storhavet og horisonten. Med Skjonghellaren som eit svært spennande turmål i seg sjølv. Vegen er litt småkupert og går gjennom eit typisk kystlandskap med storhavet og horisonten i vest og bratt terreng, ur og sjøklipper i aust. Havet har forma fleire hellarar i klippepartia. Vegetasjonen er dominert av kystlynghei, eit ope landskap med lyng, einer og våte områder. Med barnevogn eller rullestol er dette ein tur/retur på 3,4 km

Ruteskildring

Frå Ytterland går du mot  Valdervoll stadion. Derfra går det ein turveg nordover med fast grusdekke langs vestsida av øya.Det er benkar og rasteplassar langs vegen. Det er om lag 700 meter til der stien går opp til Skjonghellaren. Men turvegen går heilt fram til Stølen. Dit er det ca 1,7 km og 3,4 km tur/retur. Ved starten av turen (Valdervoll stadion) er det to toalett i klubbhuset til idrettslaget som har inngang frå utsida og som er opne for publikum heile døgnet heile året. Dette etter avtale med Giske kommune.

Tilkomst og parkering

Med eigen bil parkerer ein ved Valdervoll stadion. Næraste buss-stopp er Ytterland. Parker ved senteret/hotellet på Ytterland. Det er her startpunkt for turen er sett. Alternativt kan ein parkere ved Valdervoll stadion, men ver oppmerksam på at her kan vere fullt dei dagane det er arrangement. Ingen avgift.

Fottur
Grønn
Lengde
2,60 km en vei
Stigning
41 m
Tidsbruk
1 t. 25 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
22 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

Buss stopp på Ytterland. http://www.frammr.no

Kart

Turkart for Ålesund
Køyreskildring
Print ut