English

Ulla Fyr

Haram

Kort om turen

Ulla fyr ligg på Kvernholmen på Haramsøya i Haram kommune. Det er flott å fiske frå berget på Kvernholmen med mykje lyr og til tider makrell, men også anna fisk. Men ver varsam, gå ikkje der det er vått for der er det som regel glatt! Å hamne i havet her er ingen spøk. Hugs at det kan kome bårer som er større enn dei andre utan varsel! Vêret kan også skifte raskt her ute. Når det bles og naturen tek litt i, er det ei oppleving å vere på fyret. I sommarhalvåret kan du sjå den mest fantastiske solnedgangen frå Ulla fyr! 

Ruteskildring

Haramsøya ligg ytst ute mot havet på Sunnmøre. I 2021 vart øya landfast med Nordøyvegen. Følg den nordover til du kjem til Ulla. Før brua som går over til Longva, tek du til venstre på ein grusveg ut til fyret. Frå Ulla går turen på grusveg heile vegen, så den egnar seg for dei fleste. Over til Kvernholmen går det ei bru. Her kan det vere vanskeleg å ferdast ved uver! På Kvernholmsida, er der støypt veg og også fint å gå. Opp til sjølve fyret er der nokre trapper, så her må ein bruke beina. Turen kan og utførast av rullestolbrukarar.

 

Tilkomst og parkering

Frå Skjelten tek du av og køyrer Nordøyvegen (bomveg) til Austnes. Fortsett langs Ullavegen heilt til du kjem til ein lang sving like før Ullabrua. Her kan du parkere på Ulla småbåthamn. Gå 350 meter tilbake til postkassestativ ved fjøs og følg grusvegen utover. 

Dersom du ønsker ein kortare tur kan du også parkere lengre ute mot fyret. Køyr då den smale grusvegen (frå fjøset i svingen) heilt ut, der det er plass til 3-4 bilar. 
Fottur
Grønn
Stigning
39 m
Tidsbruk
55 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
12 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

Sjå frammr.no for bussruter, ev kan du bruke Fram sin app.
Køyreskildring
Print ut