Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Volda

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

1,3 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Kryssing av Tverrelva
Utsikt mot søraust
Mot Tverrelvsdalsvatnet
Start Nyestra

Tverrelvdalen

Fotograf: Beko

Kvifor gå denne turen?

Tverrelvdalen (618 moh)ligg ein liten times roleg gange frå Nyesetra (400 moh) som er setra til gardane på Nøre Bjørkedal.

Til Nyesetra, som er utgongspunktet for turen, går det ein 5,5 km lang bomveg (30kr for personbil). Denne startar på enden av Nørdalsvegen på Nøre Bjørkedal.

Frå Nyesetra går det rås opp langs Setreelva (Tverrelva). Gjennom Tverrelvdalen renn Tverrelva, og her ligg eitt lite fiskevatn.

Frå dalen kan du gå vidare opp på Deminga. Deminga var laga av gardbrukarane i Nørdalen for å skaffe nok vatn til drift av sager og kverner.

Herifrå kan ein gå vidare til fleire toppar i området; Lisjeseterhornet(ca 1000 moh.), Blåhornet(1180 moh.), Tverrelvhornet(1240 moh.) og Matøskja(1332 moh.). Den tida det var setring vart Tverrelvdalen nytta til beite for kyrne. I dag er det sauer og hjort som rår grunnen i dette området.

Kvar i terrenget går turen?

Frå Nyesetra går det rås opp langs Setreelva (Tverrelva). Etter ca 300 m krysse elva og vidare langs elva mot nord. Ved høgde 600 krysse elva og over myra mot Tverrelvdalsvatnet.

Lenke til turbeskrivelse

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Nyesetra, Nøre Bjørkedal. Bomveg kr. 30,-

Kvar endar turen?

Tverrelvdalsvatnet

Kvar kan du parkere?

Nyestra

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Dårlig sti 1,3
Lengde tur/retur (km) 1,3 km
Stigning meter grader
Total stigning 272 Høydemeter

Kart

Sunnmørsalpane